Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til markering av Frigjerings- og veterandagen på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 29. april 2023

Måndag 8. mai klokka 18:00 inviterer Nordmøre Forsvarsforening, kulturavdelinga i Surnadal kommune og krigshistoriske museet på Åsen til markering av Frigjerings- og veterandagen. Det blir utstilling og foredrag på kulturhuset på Skei. Helge Husby, frå Tingvoll, kjem og held foredrag om «Slaget om Gratangen», som han har skrive bok om.  

Les heile saka

Todalen Mjølk bygger nye flatsiloar

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. april 2023

Det grøne skiftet påverka mange ting, ikkje minst i jordbruket, der både prisoppgang på driftmidlar og miljøkrav påverkar den daglege drifta.  Todalen Mjølk har teke affere av dette og legg om innhaustinga av gras til nytt system.  No blir dei kvite siloballane som har florert i tusental bytta ut med 3 store flatsiloar skal dekkje det meste av behovet.  Denne veka starta bygginga av siloane, og vi tok ein tur for å sjå…

Les heile saka

«Vårspræll» på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 29. april 2023

Laurdag 6. mai klokka 19:00 inviterer Kreativt Forum Surnadal (SKF) til «Vårspræll» i Storstuå på Surnadal kulturhus. Dette er femte framsyninga i serien «Vårspæll/Hæstlatter» som SKF arrangerer. 

Les heile saka

Hjellnesfjøset: Vårens vakraste eventyr i full gang

Jon Olav Ørsal Fredag 28. april 2023

Familien Gjeldnes/Jacobsson i Oppistua på Hjellnes er komne omtrent midt i flokken med saulamminga.  Saulamminga blir ofte kalla for vårens vakraste eventyr, og det er jammen med god grunn – det er nemleg heilt magisk når saulamminga går for fullt og det gryr av nytt liv som formeleg poppar opp. 

Les heile saka

Vi er ikkje spioner!

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 28. april 2023

Dette er overskrifta i ei pressemelding vi har fått frå S-Nett. Det forsikrar, Ove Island, prosjektleiar for vedlikehald i S-Nett, nettselskapet i Svorka, og no dronepilot. Energimontørane i S-Nett skal mellom anna bruke nyinnkjøpte dronar til å føre tilsyn med straumnettet, og arbeidet tek til allereie neste veke.  

Les heile saka

Stavgangarane starta sesongen i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 28. april 2023

Stavganggruppa i iSurnadal Pensjonistlag starta stavgangsesongen sin med tur langs Toåa i Todalen i år. Vêrmeldingane var ikkje dei beste for dagen, men elleve ivrige turgåarar møtte opp. 

Les heile saka


Boligkonferansen 2023 – kvar står vi i Surnadal?

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. april 2023

Det var god stemning da ordførar Margrete Svinvik kunne ønske eit 70-tals deltakarar velkomne til Boligkonferansen 2023.  Boligkonferansen var open for alle, der kommunen hadde invitert byggebransjen, innbyggarar og tilsette til kulturhuset.  På agendaen stod orientering om byggeplanar, tilskotsordningar og utleigebustader i eit variert og heildags program, og kommunalsjef samfunn Karin Halle var konferansier. 

Les heile saka

Danset med skjebnen onsdag kveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. april 2023

Onsdag kveld var Teatret Vårt på besøk på Surnadal kulturhus med musikkteaterstykket «Danse med skjebnen»  – ei musikalsk reise som er basert på låtene til gruppa Dance With a Stranger. I danse med skjebnen er tekstane dikta om til dialekt og frakført av dyktige musikarar som er med på oppsetninga.

Les heile saka

Bli med på vårdugnad på kyrkjegarden

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 26. april 2023

Onsdag 3. mai klokka 18:00 inviterer Todalen sokneråd til vårdugnad på kyrkjegarden. Det blir raking, oppretting av gravstøtter og rydding etter vinteren. Ta difor med høveleg utstyr som t.d. rive, spade, trillebår. 

Les heile saka

Klart for ny Stikk UT! sesong!

Dordi Jorunn Halle Onsdag 26. april 2023

Måndag 1.mai startar Stikk UT! sommarsesong. Her er det både velkjende og nye turmål. I Surnadal er det tolv turmål, både Toåa tursti og Svinvikrunden er framleis med, to svært populære turar. Mulneset på Kvanne er nytt Stikk UT-turmål i år. Det er ein lett og fin tur med start frå Søyabanen.

Les heile saka

Nytt styrarpar på Innderdalshytta

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 26. april 2023

Ei av dei mest kjente turistforeiningshyttene har fått nye drivarar. Det er Trygve og Astrid Roaldset som no blir styrarpar på Innerdalshytta i år.
Innerdalshytta ligg vakkert til i det som er kjent som Norges vakraste dal.

Les heile saka