Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Start 4H sel kornband utom Matkroken på laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 4. desember 2023

Tradisjonen tru, vil Start 4H laurdag 9. desember, i tidsrommet frå klokka 11:00 til klokka 14:00 selje kornband utom Matkroken Todalen. Så da blir det mogleg å sikre seg ein «godbit» til småfuglane, så dei kan kose seg med no i adventstida.

Start 4H har i mange år selt kornband, og i år er altså ikkje noko unntak i så måte. Stikk innom salsstanden deira laurdag, så får du kjøpt ein «godbit» til småfuglane, samtidig som du støttar arbeidet til Start 4H.

Start 4H ønsker velkomne til ein triveleg førjulshandel!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 4. desember 2023, 15:09