Tysdag kom det nye renovasjonspunktet til Remidt på plass på Kvennsetøran. Etter at Remidt la om til full kildesortering av avfall vart ein del av renovasjonspunkta tekne bort – derfor kom renovasjonspunktet i Todalen bort, og det førte til at det var minst 3 mil å kjøre til næraste tømmepunktet ved Todalskrysset. Dette førte til ei stor ulempe for alle dei rundt hundre fritidsbustadene i Todalen og førte sjølvsagt til protestar.
Les heile saka
Torsdag 4. mai klokka 18:00 og laurdag 13. mai klokka 11:00, blir det vårdugnadar på Bordholmen. Det skal vaskast og ryddast inne i klubbhuset, og klargjere til montering av nyinnkjøpt kjølehjørne. Ein del av utstyret som i dag er på kjøkkenet må difor flyttast, så her trengst det muskelkraft til flyttearbeid! Bord og benkar skal takast ut frå reiskapshuset og det skal rakast og ryddast ute etter vinteren.
Les heile saka
No når det er frisk og grøn nygrøå er det ikkje rart om hjorten blir frista ned på innmarka. Måndag kveld var hjorten tidleg ute og tok lite hensyn til at det var litt biltrafikk. På Ørsalhøgda var det eit trettital som «gassa seg» med denne godbiten. Oppi liene er det nok berre bleik fynne enno, så det er nok ikkje rart om dei blir frista.
Les heile saka
Søndag 1. mai gjekk startskuddet for Stikk UT!-sommar. Sesongen er frå 1. mai og ut oktober månad. Etter ein rundtur i Toåa tursti og Svinvikrunden er det berre å slå fast at det var meir som eit første mai-tog båe plassane.
Les heile saka
Torsdag 4. mai inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgang langs på Glærum. Turen går frå kalkstranda og opp til toppen, og ned att til kalkstranda.
Les heile saka
Surnadal Arbeiderparti inviterer til 1. maimarkering i Surnadal kulturhus måndag 1. mai klokka 15:00. Markeringa startar med hornmusikk frå Surnadal Hornmusikk, som sjølvsagt har «Internasjonalen» på sitt repertoar denne dagen.
Les heile saka
Siv Halle var ut på trimtur i Toåa tursti da ho gjorde eit interessant funn sist fredag. Ho tok ein pause ved gapahuken i Gunnøya som ligg like ved turstien som går frå Halsabrua og oppover til Bønnavollan like ved kyrkja. Ho brukar å finne nokre steinar på elvaøra framfor gapahuken som ho legg på pyramiden som ligg der. Da oppdaga ho at ein av steinane var litt spesiell, og likna på ein pilspiss eller spydspiss – og var heilt tydeleg menneskeskap og forseggjort.
Les heile saka
Det blir bra salmesong når det er mange som deltek i gudstenesta – søndag var det eit førtital som deltok i den ordinære gudstenesta i Todalen kyrkje. Det var vikarprest Torbjørn Brøske som var liturg under gudstenesta, og både organist Bernt Bøe og klokkar Randi V. Bøe var også vikarar – men det vart ei triveleg gudsteneste for det.
Les heile saka
8. mai er det ikke berre frigjeringsds- og veterandag som blir markert på Surnadal kulturhus. Da blir det også nemleg markert at det er 125 år sidan lokalhistorikaren og diktaren Hans Hyldbakk vart fødd.
Les heile saka
Gjengen i «Vårspræll 2023» har startet nedtellingen til neste lørdag, og til forestillingen i Surnadal Kulturhus. Forhåndssalget av billetter har vært bra, men de ønsker seg, så klart, latter og glede fra en fullsatt storsal. «Vårspræll 2023» er en kavalkade med gode, gamle revynummer fra tidligere Hæstlatter og Vårspræll, samt ispedd også noen nye og artige revyinnslag. Dette blir en helaften med mye latter glede. Her er det bare å begynne å glede seg!
Les heile saka
Denne helga blir det kioskope på Matkroken både søndag og måndag (1. mai) – begge dagane er det ope frå 16:00 til 18:00, melder handelsmann Nordvik. Når det gjeld drivstoff så er stasjonen open for sal 24/7 – det vil seie at stasjonen er open heile døgnet og heile veka for kortsal. Halsoil er verdas beste drivstoff!
Det var May Holten som hadde siste vakta med Sanitetens sal av maiblomster for i år – dei to siste helgane har vore sal i Kaffekroken på Hals. Det har vore maiblomst for jakkeslaget og ein større variant som er beregna for bruk på bilar.
Les heile saka