Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterte heile bygda på frukostselskap

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. mai 2023

Todalen idrettslag inviterte i utgangspunktet heile bygda til Bordholmen på utefrukost – det brukar å være fint når vêrgudane spelar på lag.  Men i år varsla nok yr.no på eit tidleg tidspunkt at det nok var lurt å flytte frukostarrangementet innomhus.  Dermed vart det rigga til frukostlag under tak i Todalen Ungdomshus.  17.-frukosten brukar å ha stor oppslutning, og det var det også i år – leiar i Todalen I.L. Elinor Bolme var godt nøgd med at 90 gjestar stilte opp på frukostarrangementet.

Les heile saka

Biltoget trossa regnveret på turen rundt bygda

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. mai 2023

Det var ingen sure miner fordi om regn og vind i 3-4 varmegrader prøvde å gjøre det surt for det tradisjonelle biltoget rundt bygda.  Biltoget starta presis kl 10 frå Matkrokens parkeringsplass og bruka den tradisjonelle ruta oppover bygda til Brusetbrua og vidare oppover til Gammelfabrikken i Brusetmarka.  Her var det ein kort pause før toget gikk vidare til Ungdomshuset, der alle var invitert til frukost.

Les heile saka

Byr på god mat på nasjonaldagen

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. mai 2023

Todalshytta har laga eigen meny for Nasjonaldagen – her kan du velge sjølv, eller deu kangjøre det enkelt og kjøpe den komplette 3 retters  «flaggmenyen».  Ta gjerne kontakt og bestill bord på telefon 929 97 550. Restauranten er open i tidsrommet 14 -19.  Bla om så finner du menyen 

Les heile saka

Rydda vegkantane til 17. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 16. mai 2023

I går kveld inviterte styret i Todalen bøgdalag til ryddedugnad før 17. maifeiringa. Sju personar møtte opp. Det vart delt opp to ryddegjengar som rydda vegkantane på kvar si side av bygda, samt frå Pilskaret til Øyabrua og frå Bruset og opp til gammelfabrikken. 

Les heile saka

Sjekkar straumnettet med drone

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. mai 2023

Du lurte kanskje på kva Aasmund Longva Kvendset og Ove Island heldt på med i går da du observerte dem på vegkanten inn til Todalen og rundt i bygda?  Vi trefte de to parkeringsplassen ved Todalshytta, og kan avsløra at dei representerte Svorka-selskapet S-Nett, som eig og driv heile strumnettet i «Svorkaregionen».  Tilsaman er det 360 km med linjenett og rundt 3600 pålar som skal ha regemessig ettersyn.  

Les heile saka


Dammen Opp med Håvard på topp

Jon Olav Ørsal Sundag 14. mai 2023

Det var Håvard Gjeldnes som trekte det lengste strået under Dammen Opp 2023 på Nordvik, men jammen går det an å seie at Isak Drøpping pusta han i nakken.  8 fattige sekund etter gikk Isak i mål på den 3 km lange løypa etter vegen frå Forsamlingshuset og opp til dammen og inntaket for Nordvik Kraft. Beste tid i dameklassen fikk Berit Mogstad, som kom i mål på 15,52 og 39 sekund etter tida til Håvard Gjeldnes på 15,13.

Les heile saka

Kløvertur til Øyalia

Jon Olav Ørsal Sundag 14. mai 2023

Måndag 15. mai går Kløverturen til Øyalia, melder Todalen Sanitetsforening.  Det blir oppmøte ved Matkroken  til vanleg tid, kl 11, for samkjøring til Ungdomshuset. Turen oppover Øyalia tek utgangspunkt derfrifrå.  Alle som har lyst til å bli med er velkomne til ny Kløvertur!


Skiglede månadens bilete for april

Guro Redalen Laurdag 13. mai 2023

Skisesongen er nok på hell, men skigleda varte ut april og det var nettopp bilete til Torgunn Nordvik som fekk flest røyster i prestisjekåringa av månadens bilete for april. Vi gratulerer! 

Les heile saka


Valkampen er i gang – kom og treff oss på stand!

Jon Olav Ørsal Fredag 12. mai 2023

Tida er inne for å kome i gang med valkampen, melder Arbeiderpartiet  –  laurdag 13. mai møter du Surnadal Arbeiderparti på stand utanfor Extra på Skei. Vi byr på ein kaffekopp og triveleg samtale. Kom og hels på oss, vi er på plass frå kl. 11 til 14!

Les heile saka