Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 6. mai i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Les heile saka![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2020/02/Strikkekorg-624x622.jpg)
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 6. mai i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Les heile sakaI dag har Treffast Surnadal vore hos Ole Johan Kvendbø på Eidet og pakka ved i sekkar. Ole Johan er storprodusent av ved, og Treffast var der for hjelpe til med å pakke vedsekker som skal delast ut komande vinter. Treffast får bidrag frå det lokale næringsliv, og ønsker difor å gje noko attende til næringslivet og lokalsamfunnet i Surnadal.
Les heile sakaOgså i år arrangerer Surnadal JFF jegerprøvekurs. I år går kurset over to helger i Surnadal JFF sitt klubbhus, Nordsida 198 på Tellesbø. Jegerprøvekurset går helgene 2. – 4. juni og 9. – 11. juni.
Les heile sakaDet var faktisk eit førtital som møtte på kyrkjegardsdugnad onsdag kveld. Kristian Gjeldnes som er leiar i soknerådet tykte det var svært oppmøte og godt var det, for da vart arbeidet fort unnagjort. Dugnaden var rett og slett vanleg vårrydding etter vinteren, med raking av lauv og tørrkvistar og litt oppretting av gravstøtter som telen har herja med.
Les heile sakaSvinviks arboret, i samarbeid Surnadal Hagelag, inviterer til vårdugnad i Svinviks arboret onsdag 10. mai klokka 18:00. Så har du lyst til å vere med å gjere arboretet klart til ein ny sesong, er det berre å møte opp i arboretet og bli med på vårdugnaden.
Les heile sakaSøya/Todalen sitt G11 lag sesongopna med heimekamp på Bankslettå mot Tingvoll G11. Vêret var grått og kaldt, men spelarane såg ut til å ikkje bry seg så mykje om akkurat det, for det vart ein jamspelt og underhaldande kamp med mange mål og mykje godt spel på kunstgraset.
Les heile sakaTysdag kom det nye renovasjonspunktet til Remidt på plass på Kvennsetøran. Etter at Remidt la om til full kildesortering av avfall vart ein del av renovasjonspunkta tekne bort – derfor kom renovasjonspunktet i Todalen bort, og det førte til at det var minst 3 mil å kjøre til næraste tømmepunktet ved Todalskrysset. Dette førte til ei stor ulempe for alle dei rundt hundre fritidsbustadene i Todalen og førte sjølvsagt til protestar.
Les heile sakaTorsdag 4. mai klokka 18:00 og laurdag 13. mai klokka 11:00, blir det vårdugnadar på Bordholmen. Det skal vaskast og ryddast inne i klubbhuset, og klargjere til montering av nyinnkjøpt kjølehjørne. Ein del av utstyret som i dag er på kjøkkenet må difor flyttast, så her trengst det muskelkraft til flyttearbeid! Bord og benkar skal takast ut frå reiskapshuset og det skal rakast og ryddast ute etter vinteren.
Les heile sakaNo når det er frisk og grøn nygrøå er det ikkje rart om hjorten blir frista ned på innmarka. Måndag kveld var hjorten tidleg ute og tok lite hensyn til at det var litt biltrafikk. På Ørsalhøgda var det eit trettital som «gassa seg» med denne godbiten. Oppi liene er det nok berre bleik fynne enno, så det er nok ikkje rart om dei blir frista.
Les heile sakaSøndag 1. mai gjekk startskuddet for Stikk UT!-sommar. Sesongen er frå 1. mai og ut oktober månad. Etter ein rundtur i Toåa tursti og Svinvikrunden er det berre å slå fast at det var meir som eit første mai-tog båe plassane.
Les heile sakaTorsdag 4. mai inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgang langs på Glærum. Turen går frå kalkstranda og opp til toppen, og ned att til kalkstranda.
Les heile sakaSurnadal Arbeiderparti inviterer til 1. maimarkering i Surnadal kulturhus måndag 1. mai klokka 15:00. Markeringa startar med hornmusikk frå Surnadal Hornmusikk, som sjølvsagt har «Internasjonalen» på sitt repertoar denne dagen.
Les heile saka