Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til «Litterært pusterom» på Åsen bygdemuseum 

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 31. oktober 2023
Tysdag 7. november klokka 12:00 – 13:00 inviterer Nordmørsmusea og Surnadal bibliotea til «Litterært pusterom» på Åsen bygdemuseum. Det blir også kaffestund og ope museum etter det litterære pusterommet. 
 
Litterært pusterom er høgtlesing etter metoden «shared reading», der ein leseleiar les høgt ei novelle og eit dikt. Etterpå blir det ein samtale i gruppa om tekstane, men det er heilt greitt å berre vere heilt stille også. Ein treng ikkje førebu seg på noko, berre kom som ein er og få ei fin avslappande stund!
 
Frå klokka 13:15 og fram til 15:00 blir det kaffestund og ope museum. Alle er velkomne til kaffe og sosialt samvær, også om ikkje har vore med på «Litterært pusterom». Berre kom innom!
 
Det er fri inngang. Det vil bli høve til å få kjøpt kaffe og noko å bite i! Betaling via Vipps eller med kontantar. 
 
Påmelding til Surnadal bibliotek ved melding på Facebook eller tlf: 476 80 797.
 

Medlem i Todalen.no –


Publisert: 31. oktober 2023, 21:52