Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Halse-samlinga på flyttefot

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 30. oktober 2023

I dag starta tre karar frå Todalen historielag arbeidet med å pusse opp loftet i ungdomshuset, slik at Halse-samlinga som i dag er lokalisert i skulen, kan flyttast til ungdomshuset. Dette fordi skulen no er lagt ut for sal, og at Halse-salinga da blir «huslaus». Halse-samlinga har tidlegare vore lokalisert på Haugabu, på Todalshytta, i gammelskulen og i skulen, men blir altså no flytta til ungdomshuset.  

Todalen historielag har i mange år hatt eit kjempe godt samarbeid med Todalen Idrettslag om leige av plass til sitt arkiv i ungdomshuset, og det var difor naturleg å spørje idrettslaget om også Halse-samlinga kunne få plass i ungdomshuset, seier John Moe, leiar i Todalen historielag.

Leiar i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme og resten av styret, var positive til ideen, og idrettslaget hadde att måling frå oppussinga av aktivitetsrommet på Bordholmen, som kunne brukast til å pusse opp rommet, legg han til. –Altså berekraftig gjenbruk i praksis i praksis!, seier Ragnar Halle.

Arbeidet med å grunne tak og veggar snart ferdig. Foto: B G Ansnes

Loftet i ungdomshuset vil i tillegg til å huse Halse-samlinga også bli innreidd til møterom for både historielaget og idrettslaget. Det vil bli montert utstyr for framvising av bilete og dokument, og rommet vil få lyssetting som er tilpassa både møterom og Halse-samlinga. Også arkivet for alle lag og organisasjonar som i dag er i skulen, skal etter kvart flyttast til ungdomshuset.

I dag var Knut, Ragnar og John samla til første dugnad på det nye rommet, og tak og veggar vart grunna. Under dugnaden, møtte Åse V. opp med kaffe og servering til dugnadsgjengen, noko dei sette stor pris på!

Plana er at rommet og flyttinga av Halsesamlinga skal vere ferdig til starten av desember. 

Publisert: 30. oktober 2023, 17:42