Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

To premierar på Surnadal kino i helga

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. juli 2023

Ein skal leite lenge etter større kontrastar enn Oppenheimer, «far» til atombomba, og Barbie. Men kritikarane ser ikkje den store forskjellen: begge filmane har fått svært gode kritikkar!

Les heile saka

Dugnad i Toåa tursti fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. juli 2023

Todalen Idrettslag inviterer til dugnad i Toåa tursti fredag 21. juli klokka 11:00, for litt vedlikehalds- og reparasjonsarbeid på den fine og populære turstien sin. Det trengs folk med river, ryddesag, motorsag og arbeidslyst. 

Les heile saka

Lakselorder på vei tilbake til Todalen….

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. juli 2023

Arve Evensen sier han har hatt flere gjester i år enn i fjor på Todalshytta, og gleder seg veldig til neste år.  Evensen har hatt besøk av journalist Geir Forbregd i Driva, og han har tatt pulsen på livet på Todalshytta – både på verten og på gjestene.  Bla videre så kan du lese om livet på Todalshytta…

Les heile saka

Friska opp gamle kunster

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 19. juli 2023

I dag var ein gjeng frå Eldrerådet i kaffekroken på Matkroken samla på Talgø gård for å friske opp gamle kunster med hesjing. Hesjing er ikkje så vanleg lenger, men gjengen som hadde møtt opp, hadde definitivt ikkje gløymt gamle kunster, så det gjekk fort og effektivt å sette opp hesja. 

Les heile saka

På rideleir med Stall Åsbø.

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. juli 2023

Stall Åsbø, det er Silje Marie Otterlei Husby, som har starta med stalldrift heime på Åsbøen. Silje har fagbrev på hest, med læretid på Langedrag og har etterpå starta i det små med hestar og ridekurs. I sommar har ho teke skrittet og arrangerer to 3-dagers rideleirar. 

Les heile saka

Tango for to månadens bilete

Guro Redalen Tysdag 18. juli 2023

Ta ram ta tam ta ram ta tei! Her er det berre rote litt i veska og få på seg fornuftige sko, for Tango for to fotografert av Mari Redalen er månadens bilete for juni.

Les heile saka

Vil fange rømlingar med forhekk og viltkamera

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. juli 2023

Ola Kvendset fortel at det har «rømt» 5-6 ungdyr som han har på beite i Brusetgrenda, nærare bestemt på Elvagard.  Dyra er lokalisert i Brusetbotnan, men tross fleire forsøk har det ikkje lykkast å fange dei inn igjen.  Dei vart skikkeleg skremt at toreveret for nokre dagar sia, og treng nok litt tid for å roe seg ned igjen, seier Ola.

Les heile saka

«Sommarope» bakeriutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. juli 2023

Laurdag 22. juli, mellom klokka 11:00 – 13:00,  inviterer Lia gard til «sommarope»  bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen no i ferien. Har du problem med å rekke innom i opningstida, er det berre å ta kontakt med Lia gard for å avtale henting av varer. 

Les heile saka

Ulven

Meld frå til SNO dersom du ser ulven!

Jon Olav Ørsal Måndag 17. juli 2023

Det er sterk mistanke om at det no er ulv i nærområdet, og i Trøndelag er det funne kadaver i kommunar som grensar til Møre og Romsdal. Da kan den lett ta turen over grensa til Nordmøre, så saueeigarane er litt «på tå hev» no.

Les heile saka

Godt besøkt sommargudstenete

Jon Olav Ørsal Sundag 16. juli 2023

Kjell Gunnar Polden har sendt oss nokre bilde frå søndagens sommargudsteneste – han skriv:  «Sommargudstenesta i Todalen kyrkje var godt besøkt. Nærare førti personar hadde funne vegen i godvêret. Prest Bjørn Hovde snakka om at det er viktig å ta vare på alle, og brukte likningar som eksempel.

Les heile saka

RV70 opnar laurdag kl 12

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. juli 2023

Problem med store skredmassar i vegen gjer at riksveg 70 ved Fale i Sunndal har vore stengt eit par dagar.  På Vegvesenets veg- og trafikkmelding står det at RV70 framleis er stengt, men opnar altså laurdag kl. 12! Det er strekninga RV70 Falebrua i Sunndal, til  RV70 Romfobrua i Sunndal som har vore stengt. Her […]

Les heile saka

Manntalet lagt ut til offentleg ettersyn

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 15. juli 2023

For å kunne røyste ved haustens kommunestyre og fylkestingsval må ein stå i manntalet. Manntalet er no lagt ut til offentleg ettersyn, slik at alle kan sjekke om namnet deira står der.

Les heile saka