Valdagen nærmar seg med stormskritt, og i dag var det ein gjeng med raude skjorter som gjorde seg kjent i Todalen. – Vi kom til Todalen for å treffe bygdefolket, slik at vi skulle få høyre kva todalingane er opptekne av og for å bli litt betre kjent i bygda, seier Annett Ranes som er Surnadal Aps ordførarkandidat.
Les heile saka
Stangvik Grendalag inviterer til «Kafékonsert» laurdag 2. september klokka 20:30. Da kjem Ila strykeband på besøk til Bondehuset i Stangvik, og det er fri inngang. Dei har for anledninga med gjesteartistane Sigrid Vetleseter Bøe, Trygve Brøske, Nina Jori Pedersen, Øyvind Engen og Jo Inge Nes.
Les heile saka
Grunna transport av farleg last vert det redusert kapasitet (maks. 12 passasjerar) på avgang frå Rykkjem kl. 05:30 torsdag 31. august. Dette gjeld altså for rute 1061 Kvanne – Rykkjem, melder Fjord1
Tysdag 5. september kl 18:30 inviterer Todalen sanitetsforening til infomøte om etablering av framtidsfullmakt i Sanitetshuset på Kvennset. Da kjem advokat Inger Grete Lundemo for å orientere om framtisfullmakt – og kva dette er, og korleis du skal gå fram med å etablere slik fullmakt. Dette er eit ope møte, med gratis adgang, og alle er velkomne til å bli med. Enkel servering.
Les heile saka
I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin fjelltur til Snøfjellet i Kvenndalen. – Så skulle vi få enda ein fin turdag med opphaldsver innimellom alle regndagane vi har for tida!, seier Anne V. Einum i Fjellgruppa.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgangtur til Sjøasetervatnet torsdag 31. august. – Vi samkjører frå bommen ved Sjøasetra, så møt opp til til klokka 11:00, seier Svein Tjelle i Stavganggruppa.
Les heile saka
I kveld var det eit skikkeleg lokaloppgjer i fotball på Bordholmen stadion, da Søya/Todalen G 11 spela heimekamp mot sine gode naboar Surnadal G 11. Vêrgudane var ikkje heilt i «god lune», men det var i alle fall opphaldsvêr, men litt kald trekk. Men kamp vart det, og mange hadde teke turen for å sjå lokaloppgjeret.
Les heile saka
Nå går vi inn i friluftslivet uke, som arrangeres i tidsrommet 1. – 10 september – starter altså kommende fredag og varer helt til neste søndag. Det er så langt i år registrert mange turer til de 2 Stikk UT-måla her i Todalen – den ene turer er i Toåa tursti og den andre er Svinvikrunden, med registreringspunkt på Kammen. Fra Friluftsrådet i Nordmøre og Romsdag har vi fått ei pressemelding om opplegget:
Les heile saka
Måndag ettermiddag var det full sjau med lossing av knusabrus frå fraktebåten «Torvåg», og det er firma Per Gjeldnes Maskin som er mottakaren. I dag var det levert ein heil båtlast med knusabrus, som kom frå eit knusverk på Averøy. Grusen er lagt til lager i området ved sandkaia i Sissigrenda.
Les heile saka
Kløverturen siste måndagen i august var reint så triveleg: Mykje folk, godt ver, interessant guiding, snorklipping og kaffelag med mykje godt!
Les heile saka
Torsdag kl 10.00 møter lokale listekandidatar på stand ved Matkroken, fortel ordførarkandidat Annett Ranes i Surnadal AP. – Ho håpar at mange kjem innom for ein kaffekopp og ein prat. Etterpå er det samling på Todalshytta frå 11.00 – 12.30, der det blir orientering med Saniteten og Talgø-konsernet. Anett Ranes fortel at dei her vil sette fokus på og få innspell på beredskap og forutsetningar for drift og bolyst – og elles det som ligg hjartet nærast.
Tysdag 29. august er det ny balldag på Todalshytta – som tidlegare er det fritt val mellom sildball med stekt flesk og potetball med saltkjøtt som tilbehør. Serveringa startar frå kl 15:00 og går heilt fram til kl 20:00. Bestill gjerne på epost arve@todalshytta.no eller på SMS/telefon 929 97 550.