Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hugs bandtvang for hund frå 1. april

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 2. april 2024

Frå og med i går, 1. april til og med torsdag 31. oktober, er det bandtvang for hund i Surnadal kommune. Den generelle bandtvangen i Norge er frå 1. apil – 20. august, men Surnadal kommune har eiga forskrift om bandtvang, som betyr at Surnadal kommune har lengre bandtvangperiode enn det Hundelova seier. Dette betyr at hunden i denne perioden skal vere i band, forsvarleg inngjert eller vere innestengd. Somme unntak gjeld for jakt- og gjetarhundar, samt toll- og politihundar, når desse er i aktiv teneste, Bandtvangen er regulert i Lov om hundehald (Hundeloven) § 6 og Surnadal kommune si forskrift om bandtvang.   

Grunnen til at det er bandtvang, er at hundar ikkje skal jage eller vere årsak til skade på storfe, sau, geit, fjærfe, rein, hest eller vilt, herunder viltets egg, reir og bo. 

I yngle- og hekketida kan sjølv små skiplingar vere særs øydeleggande for dyrelivet. Difor er det viktig at bandtvangen blir respektert i heile perioden den gjeld.

Forskrift for bandtvang i Surnadal kommune

Hundelova

Publisert: 2. april 2024, 10:19