Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 2024: del 5

Guro Redalen Sundag 31. mars 2024

«Og med det erklærer eg Påskeøyalia for opna!» Ordførar Pedersen klypte den gule snora til sprett applaus. Meir kraft kom til i det Handelsmann Nordvik, snart borgarmeister på heiltid, dukka opp. For ja, var det ikkje sjølvaste Handelsmannen som hadde stått modell for skulpturen og som hadde fått ideen om å lage ein ny attraksjon i bygda? Når ein kjempe fell, skal nye vekse fram erklærte han og la til ”Kjølesveregreiå! Ta e suverent, ber enn i by´n. Prima varå sekunda ikke!”  Og før folk fekk summa seg over kva som eigentleg hadde skjedd var det berre støvbrettskya igjen. For påskehandelen var ikkje slutt, ingen grunn til å henge og ha det triveleg.

Så det var slik det hang i hop altså. Bladfyk såg det jo no at statua likna Handelsmann Nordvik, ho var berre ikkje så vant med at han sto heil i ro. Der andre såg for seg ei roleg pensjonisliv hadde han altså skaffa bygda eit nytt samlingspunkt. Og Påskeøyalia, det klang jo ganske så bra da? Minst like godt som Vårsøglandet eller Disneyland. 

Og med det var det berre utendørsgudstjenesta igjen på påskeprogrammet. Så når tonane av utandørskeyboard og vakker salmesong stilnar i morgon er påska 2024 snart over. 

Takk for følge! Vi sjåast kanskje i Påskeøyalia neste år.

Først publisert: 31. mars 2024, 05:41 - Sist oppdatert: 27. mars 2024, 21:08