Kulturavdelinga informerer om at Surnadal kommune gir prosjektstøtte til kulturtiltak. Dette er altså ikkje støtte til det ein reknar som vanleg driftskostnadar, som idrettslaga og andre lag får støtte til gjennom «kulturmidlane», men til enkeltprosjekt som er avgrensa i tid. Dei minner også om fristen for å foreslå kandidatar til fylkeskulturprisen.
Les heile saka
Frå og med laurdag 16. september utvidar Surnadal bibliotek på kulturhuset opningstidene sine. Opningstidene for «meirope bibliotek» blir dei same som i dag, heiter det i ei pressemelding frå kulturavdelinga i kommunen.
Les heile saka
Det er jammen ikkje berre i kommunevalet det er jamt i toppen! Det var lenge heilt likt, men då røystinga var ferdig var det klart at Bjørn Kvendset er fotografen bak månedens bilete i august.
Les heile saka
Kyrkjevalet som gjekk samtidig som kommune- og fylkestingvalet er no klart til å presenterast. Det var sju kandidatar til nytt sokneråd for Todalen sokn, og dei fire kandidatane som fekk flest stemmer blir det nye soknerådet for 2023 og i 4 år framover.
Les heile saka
Basestasjonen som Telia har i Todalen har vore ute av drift sia tysdag ettermiddag. Det pågår feilsøk, og Telia reknar med at dei skal få retta feilen i løpet av onsdagen.
Les heile saka
I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Mekkelfjellet i Heim kommune. Turen starta frå Fjærli I Valsøyfjorden. – Først på ein sti opp gjennom tett skog, og deretter på god skogsveg som førte oss fram til Fjærlisætervatnet, kan Anne V. Einum i Fjellgruppa fortelje.
Les heile saka
Tysdag kveld vart det klar kven som blir sittande i det nye kommunestyret i neste periode. Det har vore knytt stor spenning til resultatet. Etter at dei siste stemmene vart telt står Senterpartiet att med to stemmer meir enn Høgre, og dermed blir resultatet ståande uendra.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgangtur til Roparen torsdag 14. september. – Oppmøte klokka 11:00 på parkeringsplassen ved Surnadal Alpinsenter, fortel Svein Tjelle i Stavganggruppa.
Les heile saka
Surnadal Demensforening og Helselag, i samarbeid med Seniorfilmklubben, inviterer onsdag 20. september klokka 12:00 til gratis kino på Surnadal kino, der dei viser filmen «Iris». Filmen «Iris» er valt for å markere den internasjonale alzheimerdagen, rett nok litt på forskudd, men Iris Murdoch (1919-1999) vart råka av denne sjukdommen.
Les heile saka
Dei to første måndagane i september har veret vore litt labert, men deltakinga på kløverturane har vore bra! Første måndagen var det tur i Gammelvegen og på valgdagen 11. september var det tur i Kavlvegen.
Les heile saka
Laurdag 16. september, mellom klokka 11:00 – 16:00, inviterer Nordmøre Forsvarsforening til open dag ved krigsminnesamlinga på Åsen. Krigsminnesamlinga på Åsen inneheld våpen, militærutstyr og uniformer frå andre verdenskrig (1940 – 45), med lokal tilknyting til krigshistoria frå Surnadal kommune.
Les heile saka
Frå klokka 12:00 og fram til kl 20:00 i dag er vallokala opne. For Todalen sin del så foregår valet i Sanitetshuset. Her finn du kommune- og fylkestingvalet i møtelokala, medan kyrkjevalet er lokalisert til kjøkkenet – og med låst dør i mellom.
Les heile saka