Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Bildene til Anne Marie Rognskog og Sissel Halset Storslett pryder galleriveggene i disse dager.»

Dordi Jorunn Halle Torsdag 18. april 2024

Overskrifta er henta frå heimseida til S9 Galleri i Oslo. Sissel frå Ytterbaugen i Todalen og Anne Marie frå Surnadal har i to veker frå 6. til 18 april hatt måleriutstilling der. Det er stort å bli anerkjent og få stille ut i hovudstaden!

todalen.no var innom utstillinga laurdag 13. april, og Geir, som denne dagen var gallerivert, kunne fortelje at utstillinga hadde vore godt besøkt. Det var sjølvsagt mest publikum første helga, men at interesserte stadig stakk innom. Elin Eldnes eig og driv galleriet som i år fyller femten år. Kunstnarane sender inn prøver av kunsten sin, og Anne Marie og Sissel vart «antatt». Geir kunne fortelje at det er stor pågang for å få stille ut, og at alle typar kunst er representert i galleriet som vevnad, måleri, foto, skulpturar osv.

Lauvfall – Anne Marie. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Sein vår – Sissel. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Kunstnarane presenterer seg sjølve slik:

Sissel: «Etter eit år på metall-linja ved Noregs Kunsthandverkarskule på Voss og tre år ved Statens Håndverk og Kunstindustriskole avdeling metall i Oslo, reiste eg i 1991 heim til Nordmøre. Sidan den gongen har eg, på trass av at metall er «mi greie», i hovudsak nytta akrylmåling som medium for å uttrykkje meg. I den seinare tida i kombinasjon med silkepapir, «Mixed Media» med andre ord. Blyantar og fargeblyantar får heller ikkje ligge i fred. Inspirasjonen min er overflatestrukturar, fargespel og detaljar i omgivnadene der eg ferdast, anten det er by eller land.»

Blå fugl – Anne Marie. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Puslespill – Anne Marie. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Anne Marie: «Jeg maler mest non-figurativt, og helst med olje og akryl. Jeg maler dessuten gjerne utendørs, og det er fargene som inspirerer meg.» Anne Marie har delteke på mange utstillingar opp gjennom åra både i Bergen, Drøbak og rundt på Nordvestlandet.

todalen.no ønsker Sissel og Anne Marie lykke til vidare!

Kan hende blir utstillinga å sjå i Finstuå i Surnadal kulturhus.

Fleire bilete:

Sissel – I min egen lille boble. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Gamle skåpdører kan brukast til mangt. Sissel. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Et middelpunkt mellom alt og ingenting – Sissel. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Måleri av Sissel. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Fornøgde utstillarar: Sissel og Anne Marie. Foto: Privat.

Først publisert: 18. april 2024, 22:08 - Sist oppdatert: 19. april 2024, 18:51