Er du plaga med smerter i rygg eller nakke, eller har anna muskel eller skjelettplager har du mulegheit for å gjera noko med det på Surnadal Velværesenter no. Torsdag 17. februar startar dei nemleg opp med ryggskule, og i 8 torsdagar framover vil naprapat Micke Dahlgren sørge for at du får lære å trene opp rygg og kropp til å bli kvitt plagene. Her kan du lese plakaten og melde deg på.
Todalen historielag inviterer til årsmøte torsdag 10. mars. Det skjer i Todalen ungdomshus, og startar kl 19.30. På saklista står vanlege årsmøtesaker, og innkomne saker. Har du ei sak du vil fremje på årsmøtet, så kan du levere den til ledar i historielaget, Maren Ansnes, innan 18. fabruar. På årsmøtet vil vil «Skannarpatrulja» (Ingri og Ragnhild) vise lysbilete av gamle passfoto frå krigens dager, da alt folk i bygda måtte ta passfoto for å bruke i identitetkorta sine. Ein del av desse bileta har kome historielaget i hende og er altså no skanna og digitalisert. Elles vil historielaget orientere om arbeidet med nytt årsskrift og jubileumsskrift for Todalen kyrkje som feirar 150-årsjubileum i år. Det blir servering av tradisjonell kveldsmat. Sjå plakaten her!
Frå I.L. Søya har vi fått statistikk over deltakinga i Søya-trimmen i 2010. I.L. Søya har til 7 trimpostar, der du kan gå til fots eller på ski og registrere deg med. Strengen vart i 2010 den mest populære posten med heile 2114 namn, tett fulgt av Storsetra med 1614 besøk. Tilsaman på dei 7 postane registrert 5243 besøk gjennom året. Det er plassert trimpostar på Haugasetra (41), Evjehaugen (64), Storåsen (542) , Strengen (2114), Åsbøsnytå (626), Storsetra (1614) og Bjønndulu (242).
Les heile saka
Lørdag 5. februar var det trening for G12 i Surnadal Idrettshall. 12 unge fotballgutter møtte til årets første treningsøkt, under ledelse av oppmann / ass. trener Ola Magne Nordvik. Det var en ivrig og lærevillig gjeng som møtte til trening. Først var det viktig basistrening med pasningsøvelser, og etterpå vanlig spill mot to mål. Med ca 14-15 spillere tilgjengelig blir det sannsynligvis påmeldt to 7-er lag i årets G12-serie. Dette blir løst ved en viss overlapping mellom lagene (spiller ikke kampene på samme dag), samt at noen 2001-spillere (G10) også hospiterer på G12 i en del treninger og kamper.
Les heile saka
I sterk kontrast til den kalde desembermånaden så vart januar ein rekordarta mild månad. Målingane til Jon Bruset viser at det var heile 24 dagar at maksimumstemperaturen viste varmegrader. Den 29. januar viste gradstokken heile +8,3 grader, som er januarrekord etter målingane han starta med for over 20 år sidan. Den kaldaste dagen var 14. januar, da det vart registrert -15,2 som og var den einaste dagen at temperaturen kraup under ti-talet.
Les heile saka
Aktivitetskalenderen for Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen (STKU) G16 er klar. Du kan laste den ned ved å klikke her. Laget vann forresten årets første treningskamp mot Surnadal, der resultatet vart 3-0. Det må være oppmuntrande start på sesongen!
Nordmøre og Romsdal fotballkrets har lista for påmeldte lag til ungdoms- og vaksenfotballen klart. Den gjeld aldersbestemte klassar frå 13 år og oppover, samt dei andre divisjonane i kretsen. Her kan du laste ned lista som PDF-dokument.
Les heile saka
Torsdag var det eit nytt jervfall i Todalen. Det var Nils Gjeldnes som fikk ein hannjerv på kornet da han satt på post i jaktbua si ved åta på Hjellnessetra. Jerven var 13,1 kg, og altså eit hanndyr. Det er no to år sia sist han skaut jerv på same plassen. Til åte brukar han no fallhjort, som han hadde fått frå ein viltpåkjørsel på Kvanne.
Les heile saka
Mykje is og vatn i løypa gjer det umuleg å arrangere «Barn i løypa» i kveld, fortel Frode Grønmyr i skigruppa. Dersom det blir meir snø i løpet av komande veke vil ein prøve på nytt neste torsdag.
I går var det skogdag på Nordvik, arrangert av Surnadal Kommune og Surnadal Skoglag. Over 30 mann kom for å få påfyll inna skogsnæringa skriv Trollheimsporten i dag. Sjå heile saka her. Foto: Tore Gjul
Les heile saka
I høve innsamlingsaksjonen for å skaffe til veie hjartestartar til Todalen, ynskjer Todalen Sanitetsforening i etterkant av årsmøtet å takke alle som støtta oppunder prosjektet. Hjartestartaren, som har vorte kalla Hjartine fekk inn 61000 kr. Etter alt utstyr som følgde er betalt står fortsatt over 25000 kr på bok som høyrer Hjartine til. Dette er midlar som vil følgje hjartestartaren, til for eksempel opplæringsmateriell, nye batteri eller anna høvelege utstyr.
Les heile saka
Talgøkonsernet har opplevd en sterk vekst de siste årene, og spesielt siste året har salgstallene skutt til værs. Talgø Møbelfabrikk, MøreTre og T-komponent oppnådde en samlet omsetning på 358 mill. i 2010, som er en økning på hele 25% fra året før. Nå skal staben ved bedriftens marketingavdeling styrkes med en grafisk formgiver. Søknadsfristen er 25. februar, og her kan du laste ned stillingsannonsen.