I avisa Firda er det stort oppslag over 4 sider om Karin Halle som sluttar som NHO-direktør og som flyttar til Todalen til hausten, saman med sonen Shan Allan (4). Karin har jobba som NHO-direktør i Sogn og Fjordane i 9 år, med base i Florø. Ho har tidlegare vore reiselivssjef der, og butikksjef i Vinmonopolet og har ei fartstid på rundt 20 år i nabofylket.
I det 4 sider lange intervjuet fortel ho at det er omsynet til sonen Shan Allan som gjorde at ho tok den viktige avgjerda å slutte som NHO-direktør, og ho planlegg no flytting til Todalen til hausten. Tomt er kjøpt i Sissigrenda og etter kvart blir det nok husbyggjing. Elles rakk ho å få med mykje todalsreklame på dei 4 sidene, mellom anna om nettstaden todalen.no.
Karin venta i heile 6 år før adopsjonen av Shan Allan gikk i orden. Men etter en lang og krevjande søknadsprosess var alle brikkane etter kvart på plass, og ho var for eit års tid sidan til Kina og henta han i byen Harbin som ligg langt nord i landet. No ber det altså til Todalen, og dersom alt går etter plana vil nok flyttelasset kome ein gong i oktober.
Du kan lese meir om dette i e-avisa til Firda laurdag 28.05.2011 – Last ned hele artikkelen som 4-siders PDF-dokument her.