Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fotball og lagseriestemne

Fotball og lagseriestemne

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. august 2011

Onsdag kveld glimta det til med ein fin sommarkveld, med fønvind og god temperatur. Det var ein fryd å gå rundt på Bordholmen og sjå på aktiviteten som foregikk der. Søya/Todalen G-12 hadde fått gjestar frå Halsa og spela kamp, som rett nok vart ei målfest for gjestane som vann 7-3. Ski- og friidrettsgruppa arrangerte samtidig lagseriestemne, og der var det dei yngste som hadde største aktivitetsnivået, sjølv om det også var innlagt idrettsmerkeprøve for den som ville.

Les heile saka

Bordholmen – onsdag kveld

Bordholmen – onsdag kveld

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. august 2011

Onsdag kvel blir det stor aktivitet på Bordholmen. Da er det både fotballkamp med G-12 og lagseriestemene. Søya/Todalen G12 har kamp mot Halsa kl 18.  lagseriestemnet startar og så kl 18 og varer til kl 19. Dette er arrangement både for store og små, og det er også høve til å ta idrettsmerket for den som vil.


Mista blå ullskjorte i Øyalia

Mista blå ullskjorte i Øyalia

Jon Olav Ørsal Måndag 22. august 2011

Søndag (21. august) var Gunn Åsprang Lund saman med familien på tur til trimposten oppå Kjerringa. Dei køyrde bil opp etter skogsvegen frå Ungdomshuset og opp til lunningsplassen og gikk derifrå og opp ytre Øyalia, og passerte Haukåa så snart dette gikk an når dei kom oppå lia. Ho oppdaga da at skjorta var mista mellom parkeringsplassen og staden dei skulle gå over elva. Det var ei mørke blå ullskjorte, og dersom nokon har sett ho eller skulle finne ho, så er det fint om du tek kontakt med Gunn på telefon 90565374.


Mange tok turen til «Open dag» i Pestua

Mange tok turen til «Open dag» i Pestua

Jon Olav Ørsal Måndag 22. august 2011

Rundt 250 personar frå distriktet tok turen til Pestua på «Open gard» søndag. Både store og små kom for å sjå det nye oksefjøset med over 300 oksar og hønehuset med 7500 verpehøner og ikkje minst for å sjå dyra som var der. Det var todalen Bondelag som var arrangør, med Maren,  Asbjørn og resten […]

Les heile saka

Oppserverte gaupe!

Oppserverte gaupe!

Jon Olav Ørsal Sundag 21. august 2011

Da Jon Are Husby og Grete Ingebrigtsen var på tur heim til Trondhim søndag kveld, fekk dei ei overrasking mellom Svinvika og Nordvik. Ei velvoksa gaupe passerte over veg rett framfor bilen, og forsvann i skogen. Grete Ingebrigtsen fortel til Todalen.no at ho aldri hadde sett gaupe før og tykte det var både artig og spanande å få sjå det fine dyret på nært hald. Det er kanskje lurt å ha «skuddklart» kamera i bilen på tur til og frå Todalen no. Vi tek gjerne mot bilde på Todalen.no.


Kraftnettsituasjon – Temamøte i bondelagets regi

Kraftnettsituasjon – Temamøte i bondelagets regi

Jon Olav Ørsal Sundag 21. august 2011

Bondelaga i Surnadal og Todalen inviterer til temamøte om nettsituasjonen og korleis nødvendig opprusting av lokale, regionale og nasjonale nett skal finansierast. Lokalt er det i dag enkelte linjer som er utilstrekkelig dimensjonert, og fleire vil få problem etterkvart som meir straumproduksjon vert bygd ut, fortel ledar i Surnadal Bondelag Oddvar Mikkelsen. Han fortel at det er same problemet fleire plassar rundt landet, og det er også eit problem i det sentrale nettet til Statnett.

Les heile saka

Søyacupen vart suksess

Søyacupen vart suksess

Jon Olav Ørsal Sundag 21. august 2011

Søyacupen vart ein suksess, sjølv om det var ein litt våt start på dagen. Vêret vart bedre utover dagen, og det vart etter kvart sol og ein fin dag på Søyabanen. Nærare 1000 personar var innom banen i løpet av dagen, og det var eit yrande liv, og både spelarar, ledarar og funksjonærar kosa seg i lag med ein heil dag med fotball.

Les heile saka

Starta nytt skuleår

Starta nytt skuleår

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. august 2011

Tordag 18. starta nytt skuleår i Todalen oppvekstsenter. I det nye skuleåret er det tilsamman 26 elevar ved todalsskulen, og det er 3 nye førsteklassingar som hadde sin aller første skuledag sist torsdag. Det nye skuleåret vart starta med minnemarkering etter terrorangrepet, og rektor Dordi Jorunn Halle tente lys og markerte med eit minutt stillhet og deretter songen «Mitt lille land».

Les heile saka

Sett av søndagen til gardsvandring

Sett av søndagen til gardsvandring

Elinor Bolme Laurdag 20. august 2011

Todalen Bondelag arrangerer som tidlegare nemt open gard i Pestua på søndag. Der vil Maren Ansnes og Asbjørn Karlsen vere vertskap. Bondelaget, Surnadal Bygdeungdomslag og Start 4H vil stå for det faglege gjennom dagen. Her vil det bli mulegheiter for å stifte kjennskap til ulike dyr, og ikkje minst få sjå inn i eit nymoderne oksefjøs. Det heile startar klokka 12 og varer til klokka 16.

Les heile saka

Prøver å spå framtida

Prøver å spå framtida

Elinor Bolme Laurdag 20. august 2011

I følge Tidens Krav er det ikkje så beinast å spå trendar og kjøpsmønster i møbelbransjen. Uansett legg blandt anna Talgø AS ned stor innsats for å treffe best mogleg for å få eit så bra salg som mogleg. Dette kan salgssjef Rune Moe fortelle om i gårdagens i Tidens Krav. Han fortel at mykje av arbeidet blir gjort på møbelmesser forskjellege plassar i verda. Han skal blandt anna til Shanghai utpå hausten for ein «kikk inn i framtida».

Les heile saka

Trollheimsmarsjen – søndag 28. august

Trollheimsmarsjen – søndag 28. august

Jon Olav Ørsal Fredag 19. august 2011

Søndag 28. august skal folk valfarte over Vardan, frå Todalen over fjellet til Ålvundeidet. Trollheimsmarsjen er eit samarbeidsprosjekt mellom I.L. Ulvungen og Todalen I.L., og vart arrangert første gongen i 2008, da begge idrettslaga feira 100-årsjubiluem. Den gongen var det 239 deltakarar som starta fra Bordholmen, og som kom i mål på Leikvoll stadion etter ein fin tur opp Haukålia til Vardan og nedatt Børsetlia til Ålvundeid. Turen over fjellet er 13 km, og er rekna til å ta omlag 5 timar pluss pausar under vegs. Høgaste punktet på turen er på 850 m.o.h., men det meste av turen går i fint og tørt terreng.

Les heile saka

Stavganggruppa i Bøkeskogen i Stangvika.

Stavganggruppa i Bøkeskogen i Stangvika.

Vidar Sogge Fredag 19. august 2011

Torsdag den 18. august la stavganggruppa turen til Bøkeskogen i Stangvika. Etter at vi alle hadde samlast ved Stangvik kyrkje, køyrde vi Gammelvegen forbi Lerbrua og parkerte bilane straks nedfor Bøkeskogen. Regn og skodde følgde oss heile tida medan vi gjekk opp den nye og flotte skogsbilvegen. Men vi hadde kledd oss etter veret, så humøret var på topp.

Les heile saka