Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Sokneråd

Todalen sokneråd 2023 – 2027

Leiar: Borghild B. Talgø

Nestleiar: John Moe

Kasserar: Ola Bruset

Medlem: Anita Talgø

Sekretær: Rune Moe

Varamedlemmar: Einar Husby og Monika Klungervik

Først publisert: 19. november 2009, 16:16 - Sist oppdatert: 25. oktober 2023, 17:45

Nyheter knytta til Todalen Sokneråd

Friluftsgudteneste og dåp runda av påska

Friluftsgudteneste og dåp runda av påska

Jon Olav Ørsal Måndag 1. april 2013

Vêrgudane var rause 2. påskedag da Todalen sokneråd og Todalen Idrettslag i fellesskap arrangerte friluftgudsteneste på Haugligardane. Den siste veka har vêrmeldingane bydd på alle variasjonar frå snøvêr med kuldegrader og sol frå blå himmel. Dei heldt sågar arrangøren i ånde heilt ut i morgontimane, men så glimta dei til med både solgøtt og god temperatur. Ein riktig fin dag vart det på Haugligardane, og det viste eit 80-tals publikum å sette pris på. Ein ekstra spiss på dagen sette nok dåpsbarnet, da lille Ella Kristin Lyyli Virtanen Bruset vart båret til dåpen av sine foreldre Anna Bruset og Mattias Virtanen.

Les heile saka

2. paskedag: Friluftsgudsteneste på Haugligardane

2. paskedag: Friluftsgudsteneste på Haugligardane

Jon Olav Ørsal Sundag 31. mars 2013

Friluftsgudsteneste på Haugligardane 2. påskedag er tradisjon i Todalen. Todalen sokneråd er arrangør, saman med Trimgruppa i Todalen I.L. Under årets gudsteneste skal det og være dåpshandling. Det er lille Ella Kristin Lyyli Virtanen Bruset som blir båret til dåpen under gudstenesta på Haugligardane. Friluftsgudstenesta starta kl 12.00, og det er takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.

Les heile saka

Fasteaksjon med konfirmantane

Fasteaksjon med konfirmantane

Bernt Bøe Fredag 15. mars 2013

Årleg gjer Surnadals-konfirmantane ein kjempeinnsats gjennom Fasteaksjonen for Kirkens Nødhjelp. Tysdag 19. mars går dei dør-til-dør i heile kommunen. Men alt fredag går startskotet – gjennom inspirasjonssamling på Surnadal vidaregåande skule. Her vil konfirmantar og foreldre i møte med KN få sjå og høre korleis midlane som kjem inn, blir nytta der det trengst som mest. Årets aksjon har det dobbeltydige mottoet «Sammen forandre».

Les heile saka

Gudsteneste og årsmøte

Gudsteneste og årsmøte

Jon Olav Ørsal Måndag 4. mars 2013

Søndag 10. mars kl 11.00 er det gudsteneste i Todalen kyrkjem med sokneprest Bernt Venås. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp. Etter gudstenesta blir det årsmøte og kyrkjekaffe, melder soknerådsleiar Ildri Sjøland Øyen.


Inviterer til aktivitetsdag i kyrkja

Inviterer til aktivitetsdag i kyrkja

Jon Olav Ørsal Fredag 1. mars 2013

Todalsen sokneråd inviterer alle born til aktivitetsdag i kyrkja. Det skjer laurdag 9. mars, i tidsrommet frå kl 12 til ca kl 15 i Todalen kyrkje. Da skal dei lage påskepynt, og pynte kyrkja til påske. I tillegg vil dei fortelje om faste og om påska, og det blir song og sjølvsagt ein matpause.

Les heile saka

Søndag kl 11: Gudsteneste i Todalen kyrkje

Søndag kl 11: Gudsteneste i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. februar 2013

Søndag 10. februra kl 11 er det gudsteneste i Todalen kyrkje. Det er sokneprest Bernt Venås som forrettar.  Takkoffer til Nordmisjonen.  Velkomen!


Gudsteneste søndag

Gudsteneste søndag

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. januar 2013

Vi minner om at det er gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 20. januar.  Det er 3. søndag i openberringstida, og prekenteksta er henta frå Joh 1, 15-18. Det er sokneprest Bernt Venås som forrettar.


Gudstenester i jula

Gudstenester i jula

Jon Olav Ørsal Måndag 24. desember 2012

Denne julehelga er det to gudstenester i Todalen kyrkje. Det skjer julaften 24.12. og nyttårsaften 31.12. og begge gudstenestene startar kl 16.00. Det er sokneprest Bernt venås som forrettar. Julaften er det takkoffer til Redd Barna.  Alle er velkomne til jule- og nyttårsgudstenestene.


Mykje song og musikk i helga

Mykje song og musikk i helga

Jon Olav Ørsal Fredag 14. desember 2012

Denne helga står i songen og musikkens teikn. Det startar i Stangvik kyrkje laurdag kveld med «Tonar Julenatt», og fortsett i Todalen kyrkje søndag ettermiddag med «I denne søte juletid». I sin introdusjon til konserten i stangvik kyrkje skriv Bernt Bøe «Det blir ein litt «annleis» konsert med julemusikk i Stangvik kyrkje laurdag 15. desember. Ei stor veke før sjølve julenatta får vi oppleve eit program inspirert av stjernehimmelen over Betlehemsmarkene – i tråd med tittelen. Difor er konserten også lagt til sein kveldstid: 21.00. Da er ståket stilna, og tonane kan stemme sinn og tankar inn mot adventshelg og høgtidsro.

Les heile saka

Julekantate i Todalen kyrkje

Julekantate i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. desember 2012

Søndag 16. desember kl 15.00 inviterer Todalskoret til julekantate i Todalen kyrkje. Den har dei kalla «I denne søte Juletid», og den er eit samarbeid mellom Todalskoret, Åsskard kyrkjekor og BareBarokkBandet. Der blir det altså kantate, julesongar og det blir rikeleg høve til å ta del i allsongen.

Les heile saka

Lysmesse og nytt kyrkjeår

Lysmesse og nytt kyrkjeår

Elinor Bolme Sundag 2. desember 2012

Årets konfirmantar hadde forberdt seg godt til dagens lysmesse då dei saman med sokneråd og prest Dag Øivind Østereng ringte inn til nytt kjyrkjeår og lysmesse på 1. søndag i advent. Her var det stilfull inngangsprosesjon saman med dagens dåpsbarn, foreldre og prest, etterfulgt av lystenning og bokutdelinger.

Les heile saka

Konfirmantane lagar lysmesse

Konfirmantane lagar lysmesse

Bernt G. Bøe Laurdag 1. desember 2012

Lysmesser i adventstida er ein fin tradisjon. Søndag helsar konfirmantar og andre det nye kyrkjeåret velkome i Todalen og Stangvik. Torsdag var todals- og stangvikkonfirmantane samla til øving i Todalen kyrkje. Dei har mange tenesteoppgåver gjennom store deler av gudstenesta – litt ulikt i dei to kyrkjene. Vi kan røpe litt av søndagens program.

Les heile saka