Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Sokneråd

Todalen sokneråd 2023 – 2027

Leiar: Borghild B. Talgø

Nestleiar: John Moe

Kasserar: Ola Bruset

Medlem: Anita Talgø

Sekretær: Rune Moe

Varamedlemmar: Einar Husby og Monika Klungervik

Først publisert: 19. november 2009, 16:16 - Sist oppdatert: 25. oktober 2023, 17:45

Nyheter knytta til Todalen Sokneråd

Fasteaksjonen ga 7700 i Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. april 2014

Tysdag kveld deltok årets konfirmantar i Fasteaksjonen til Kirkens nødhjelp. Med god hjelp frå foreldre og søknerådet besøkte dei alle heimar med bøssene sine, og resultatet frå aksjonen vart 7700 kroner. Dette er litt mindre enn i fjor, og det har nok si orsak i at det var mange som ikkje var heime.


Fasteaksjonen 2014

Elinor Bolme Tysdag 1. april 2014

6.-8. april går Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2014 av stabelen. Då vitjar konfirmantar, unge og vaksne frå Surnadal, Stangvik, Todalen, Åsskard og Rindal alle husstandane for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelps arbeid. I Todalen kjem konfirmantane rund bygda tysdag fra klokka 17.00 og utover.

– Når ein katastrofe rammar, jobbar Kirkens Nødhjelp for å gje flest mogleg ein sjanse til å overleve. Men, behovet for naudhjelp og vern er stort i lang tid framover. Det ser vi både i flyktningeleirane på grensa til Syria og i gjenoppbygginga på Filippinene.


Konfirmantane «styrte» gudstenesta

Jon Olav Ørsal Måndag 24. mars 2014

Det var konfirmantane som var i fokus søndag kveld. Da var det nemleg ungdomsgudsteneste i Todalen kyrkje, der alle konfirmantane i Stangvik prestegjeld var samla. Og gudstenesta var det konfirmantane sjølv som heldt, med litt hjelp frå soknepresten Bernt Venås som var god å ha når prekena skulle gjennomførast. Men konfirmantane kom godt ut av det med gudstenesta, og lyt jammen få skryt for gjennomføringa.


Songkveld i kyrkja

Elinor Bolme Måndag 24. mars 2014

Den nye «Norsk Salmebok» er tema for songkvelden og kyrkjelydsmøtet i Todalen onsdag kveld. Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor presenterer eit breitt utval av songar frå boka – både som korsong og i lag med forsamlinga. Mange folketonar frå Nordmøre har fått plass i boka – blant desse to frå Stangvik, ein frå Halsa og ein frå Rindal.


Songkveld med korsong – og årsmøte

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. mars 2014

Todalen sokneråd ønskjer alle velkomen til songkveld med årsmøte onsdag 26. mars kl 19.30. Da vil Todalskoret og Åsskard kyrkjekor synge frå Den nye norske salmeboka. Etterpå er det årsmøte, og sjølvsagt kyrkjekaffe.


Grunnlovsminnet i Stangvik

Bernt Bøe Torsdag 20. februar 2014

Med fellesgudsteneste i Stangvik vil kyrkjelydane i Surnadal søndag markere 200-årsminnet for grunnlova.Etter gudstenesta, med både liturgisk og musikalsk innhald som mange vil kjenne seg att i, er det kyrkjekaffe og tilbakeblikk på grunnlovsåret 1814. Råg Ranes vil ta for seg dei historiske hendingane frå den gongen.


Søndag: Gudsteneste i Todalen kyrkje kl 19.30

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. februar 2014

Søndag kveld 23. februar er det gudsteneste i Todalen kyrkje, med sokneprest Bernt Venås. Gudstenesta startar kl 19.30.  Prekenteksta er denne kvelden frå Matt. 17, 1-9.  


Makan til konsert!

Jon Olav Ørsal Sundag 8. desember 2013

Laurdag ettermiddag tok vi turen til Todalen kyrkje for å få med oss adventskonserten som felleskoret til Åsskard kyrkjekor og Todalskoret arrangerte. Dei var denne gongen forsterka med organist/pianist Tor Strand og Torgrim Tunes som las og fortalte om sine adventstankar.


Illustrasjonsbilete frå fjorårets julekantate.

Laurdag: Julekantate i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. desember 2013

Adventskonserten i Todalen kyrkje laurdag ettermiddag (7.12. kl 16) byr på Dagsviks kantate «I denne søte juletid», solosong, korperler og allsong. Tittelen «Ved juletid» siktar mot klingande forsmak på den komande høgtida.


Alle sokneråda i Surnadal kommune samla saman med Biskop Ingeborg Nordtømme. Foto: Jon Olav Ørsal

Biskopen besøkte Todalen

Jon Olav Ørsal Måndag 18. november 2013

Bispevisitasen i Surnadal kommune starta søndag, med gudsteneste i Stangvik kyrkje som første punkt på programmet. Etterpå var det kyrkjekaffe i prestegarden, før sokneprest Bernt Venås inviterte biskopen til middag i prestegarden. Etterpå bar det til Todalen, der omvisning på Talgø utstillingssenter var første del av todalsprogrammet.


Biskop Ingeborg Nordtømme kjem på bispevisitas denne veka. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Bispevisitas i Todalen

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. november 2013

Neste veke er det bispevisitas i Stangvik og Surnadal. Programmet for visitasen ommfattar heile veka frå søndag til torsdag, og blir avslutta med visitasgudsteneste i Øye kyrkje neste søndag. Bispevisitasen startar med viitasgudsteneste i Stangvik kyrkje før turen går til Todalen


Nytt sokneråd

Nytt sokneråd

Elinor Bolme Måndag 23. september 2013

9. september var det som tidlegare nemt også soknerådsvalg. Her skulle det gjerast  litt utskiftningar, då Terje Nordvik, Signe Grønmyr Wenke Kvendset takka for seg etter henhaldsvis 4 og 8 år i sine verv. Listene var på førehand delt ut og velgjarane hadde muleghet til både å stryke og kummulere. Resultatet vart som følgjer: Gunn […]

Les heile saka