Styret i Todalen I.L. – 2025
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Asbjørg Husby
Sekretær: Turid Sæther Todalshaug
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Torill Talgø
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Ola Talgø/Eirin Børmark
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Ingrun Torvik, medlem for 2 år: Astrid L. Kvendset og medlem for 3 år: Harald Myrås
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

Kvass/Ulvungen G9 – Søya/Todalen G9
Torsdag kveld tok Søya/Todalen sitt G9 lag turen over Stangvikfjorden til Ålvundfjorden for å spele seriekamp mot Kvass/Ulvungen på Ålvundfjord stadion.

Todalsdagen 2021 – laurdag 26.juni
Todalsdagen 2021 går av stabelen laurdag 26.juni på Bordholmen stadion. Programmet er ikkje heilt «spikra» enda, men at det blir ein dag med fleire nye aktivitetar er heilt sikkert. «Ræta opp!» har etter kvart vorte eit tradisjonelt arrangement under Todalsdagen, og i år er ikkje noko unntak i så måte, så her er det berre å legge seg i trening for å «spisse» forma!

Søya/Todalen J10 – Surnadal J10
Barne- og ungdomsfotballen har så vidt begynt å rulle rundt om, men på grunn av koronasituasjonen, er det så langt berre kampar mot lag frå same kommune som kan spelast. I går kveld var det difor duka for eit klassisk lokaloppgjer når Søya/Todalen J10 tok i mot Surnadal J10 til seriekamp på Søyabanen.

Stor stas med sykkeltrim i finvêret
Første kvelden med sykkeltrim i sommar vart arrangert i kveld. Både store og småe todalingar møtte opp for å delta, og den første runden gikk rundt bygda – oppover Ørsalbukta til Bruset og nedover att på norsdsida og siste etappe etter Toåa tursti frå Bønnavollan til Halsabrua og vidare til Bordholmen.

Informasjon frå Todalen Idrettslag
Trimgruppa i Todalen Idrettslag lanserer, onsdag 26.mai klokka 18:00, sykkeltrim. Sykkeltrimmen er eit lågterskel-tilbod som passar for alle i alle aldrar og uanhengig av utstyr. Trimgruppa tek sikte på å ha sykkeltrim den siste onsdagen i kvar månad fram mot hausten/vinteren.

Søya/Todalen G9 – sesongens første heimekamp
Torsdag kveld spela Søya/Todalen sitt G9 lag sin første heimekamp på Søyabanen denne sesongen. Tidlegare har laget spela ein bortekamp mot Tingvoll. På den andre banehalvdelen hadde heimelaget fått besøk av Bøfjord/Bæverfjord, så dette var eit «klassisk» lokaloppgjer.

Onsdag: Bli med på dugnad og «bli kjent»-tur til Jabenken
Trimgruppa i Todalen Idrettslag inviterer til dugnad og «bli kjent» tur til Jabenken på Flathauan onsdag 19.mai klokka 18:00. Trimgruppa treng folk til å hjelpe til med å bere opp materialar til sitteplassar ved bålgropa. I same slengen inviterer difor Trimgruppa til ein fellestur opp til det fine utkikkspunktet i Petlia.

Hett & Svett stengt på Nasjonaldagen
Todalen Idrettslag melder at Hett & Svett vil vere stengt på Nasjonaldagen. Så denne veka blir det ope på Hett & Svett onsdag 19. og fredag 21.mai. Neste veke held Hett & Svett ope som vanleg, altså måndag 24, onsdag 26 og fredag 28.mai.

Program 17.mai i Todalen 2021
Da er 17.mai programmet for Todalen 2021 klappa og klart. På grunn av gjeldande smittevernreglar blir feiringa i år òg tilpassa dette. Tradisjon tru blir det biltog og gudsteneste. Feiringa tek til med flaggheising og song på Matkroken klokka 11:00. Umiddelbart etter flaggheisinga startar biltoget. 17.mai-komiteen oppfordrer alle til å møte i god tid før flaggheisinga. 17.mai-komiteen vil vere tilstades og dirigere trafikken og organisere biltoget.

Klart for registrering av Stikk Ut!-turar på Tjønnmyran
Da er Stikk UT!-koden for sesongen 2021 på plass på Tjønnmyran. Stikk Ut!-kontakt i Surnadal, Norunn Holten, melder at det opna for registrering av turar i rundturen om Tjønnmyran 13. mai.

Vårdugnad i Toåa tursti
I går kveld var det dugnad i Toåa tursti. Mange hadde møtt opp for å hjelpe til, så alt som skulle gjerast vart ferdig på snaue halvannan time. Det vart køyrt på grus rundt gapahuken ved Båthølen. Det er no grusa opp, slik at det er lett å kome inn på platten ved gapahuken med rullestolar og barnevogner.

Da er Toåa tursti heilt ferdigbygd
Torsdag gjorde Per E. Gjeldnes Maskin ferdig siste parsell av Toåa tursti. Fram til no har det vore ein omlag 200-250 meter lang smal grus-sti som stod att før turstien kunne reknast som heilt ferdig. No har altså denne parsellen òg fått same universelle utforming som resten av turstien, frå gapahuken ved Båthølen og nedover til Hallsetbrua. Den universele utforminga gjer at òg folk med rullestol og barnevogn no kan bruke heile turstitraseen og dermed få full glede av Toåa tursti.