Styret i Todalen I.L. – 2025
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Asbjørg Husby
Sekretær: Turid Sæther Todalshaug
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Torill Talgø
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Ola Talgø/Eirin Børmark
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Ingrun Torvik, medlem for 2 år: Astrid L. Kvendset og medlem for 3 år: Harald Myrås
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

Adventlotteri – sekstande trekning fredag 16. desember
Denne dagen er det tre gevinstar i Adventlotteriet som Todalen I.L. arrangerer – som vi har skrive tidlegare er det berre kortreiste gevinstar, og Trimgruppa har opplevd ei stor gjevarglede hos dei lokale gjevarane. Stor var også interessa for å kjøpe lodd i Adventlotteriet, noko som skaffa Todalen I.L.s trimgruppe eit loddsal på overkant av 28.000 kroner – som er ein flott innsats. Vinnar denne veka Sidsel Ramsøy på To av gevinstane – ho vart den heldige vinnar av ein heimestrikka buff og eit par Selbuvottar i barnestørrelse. Når det gjeld den tredje gevinsten som er ein bilde/kunstverk….

Førjulsgåve til dei vaksne – etterjulsgåve til dei unge
Onsdag kveld vart den nye massasjestolen på Hett & Svett sett på plass og er no klar for bruk. Dette er eit tilbod som har vore sterkt sakna ein periode, men no er altså heilt ny stol på plass. Stolen er levert av Sparmax.

Adventlotteri – femtende trekning torsdag 15. desember
Da har vi opna luke nr 15 på Trimgruppas adventkalender for 2022. Bak luka har var det også to gevinstar som er klare for å få ein ny heim. Den første gevinsten er ein hekla duk – handverk av beste klasse – og vunne av Liv Jorunn B. Moe i Bekkerhagan. Gevinst nr 2 fikk også ny eigar …

Stikk UT! Vinter 2023
Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal melder at Stikk UT! Vinter startar 15. desember! Her er det både skiturar og fotturar. I Todalen er det to vinterturmål, nemleg Tjønnmyran og Toåa tursti. Tjønnmyran er skitur, og Toåa tursti er fottur.

Adventlotteri – tolvte trekning måndag 12. desember
Jammen går det fort unna, vi er alt komne til den 12. desember og vi er halvveis inne i adventstida. Bak luke nr 12 fann vi også 2 gevinstar, og jammen var det eit ekte Todalsprodukt . Et glas med todalshonning har fått Lauvås som vinnar i dag. Gevinst nummer 2 er også kortreist, ei […]

Perfekte forhold på skeiseisen
Knut Bergli i Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag kan melde om perfekte forhold på skeiseisen på Bordholmen stadion no. Det kalde vêret dei siste dagane har gjort at det har vore mogleg å lage is att.

Adventlotteri – ellevte trekning søndag 11. desember
Da er vi klare til å røpe kva som skjuler seg attafor luke nummer 11. Denne gongen er det også to gevinstar – den eine gevinsten er ein flott trebolle, som det står Bente Mogstad på og dermed så havnar den i Surnadal. Den andre gevinsten er ein flott gryteklut som nok hamna på Kvennset…. […]

Adventlotteri – tiande trekning laurdag 10. desember
Det er stigande spenning i adventlotteriet, for attafor luke nr 10 fann vi to gevinstar – den eine gevinsten er også eit produkt som kjem rett frå naturen, nemleg eit flott hjortsteik. Dette blir nok prima vare for den heldig vinnaren som er Elisabet Aas. Dagens andre vinnar får nye og heimlaga kjøkkenreiskap – laga i einer.

Nypreparerte løyper på Tjønnmyra
Driftsleiar for vinteranlegg i Todalen Idrettslag, Ståle Ansnes, kan melde om nyoppkøyrde løyper i lysløypa på Tjønnmyra. Det er ganske fine forhold for å gå på ski, men det er litt løst i traseen foreløpig.

Adventlotteri – niende trekning fredag 9. desember
Attafor luke nr 9 fann vi eit reit naturprodukt – nemleg ein pose med 2 kg tyttebær som Marit Sanden Søyset eigenhendig har plukka. Den heldig vinnaren er Ivar Bolme som no har prima råstoff for å lage trollkrem – eller røra tyttebær til elgsteika? Fredag den 9 var det også to gevinstar – den […]

Adventlotteri – åttende trekning torsdag 8. desember
2 spennande gevinster attafor luke nr 8 som sjølvsagt er trekt ut på den 8. desember. Den første premien er Todalen historielags årsskrift for 2022, som saman med Seterbok for Todalen utgjør første gevinst – heldig vinnar er Gudmund Kårvatn. Gevinst nr 2 på denne dagen er eit puzzlespell i 1000 bitar, med motiv frå […]

Balleiken torsdag 8. desember blir avlyst
I morgon kveld er det Adventskveld på Todalen og Stangvik oppvekstsenter på Evenshaugen. Difor blir Balleiken i gymsalen ved Todalen skule avlyst torsdag 8. desember. Det opplyser leiar i Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag, Oda Halle.