Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya/Todalen G11 sesongopna med heimekamp

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 3. mai 2023

Søya/Todalen sitt G11 lag sesongopna med heimekamp på Bankslettå mot Tingvoll G11. Vêret var grått og kaldt, men spelarane såg ut til å ikkje bry seg så mykje om akkurat det, for det vart ein jamspelt og underhaldande kamp med mange mål og mykje godt spel på kunstgraset. 

Gråvêr under heile kampen, så greit å spele på kunstgras. Foto: Anders Gjeldnes

Rapportane fortel altså om ein jampelt kamp, der laga skifta på å vere i føringa i målprotokollen. 

Stor innsats under heile kampen frå båe lag. Foto: Anders Gjeldnes

Utover i andre omgang tok heimelaget litt meir over, og da dommaren bles i fløyta for siste gong, var det heimelaget som hadde flest noteringar i målprotokollen. 

Ein pust i bakken kjem godt med. Foto: Anders Gjeldnes

Søya/Todalen G11 har tre todalingar på laget, Jakob, Lars Ailo og Ådne. 

Søya/Todalen på eitt av mange angrep under kampen. Foto: Anders Gjeldnes

Publisert: 3. mai 2023, 08:39