Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Langfredag: Ny pokal og ny giv for Kjerringdilten

Jon Olav Ørsal Måndag 3. april 2023

Langfredag arrangeres «Kjerringdilten» på Skihytta til Todalen idrettslag som er lokalisert på Ørsalmyran på Sørfjellet.  Dette arrangementet har ein lang tradisjon, både med rennet og ikkje minst den gjeve vandrepokalen som er sett opp som premie.  Det er sjølvsagt ei stor ære å ta eit napp i vandrepokalen, nytt i år er at det også er sett opp ein pokal til odel og eige – denne pokalen er satt opp av HalsOil og utdeles altså til odel og eige.  

Det er hyttestyret som er arrangør av rennet, og Kjerringdilten går på idealtid – det vil seie at den som kjem nærast den oppsette idealtida blir vinnar, og får napp i vandrepokalen og ein pokal til odel og eige, fortel rennleiar og hyttesjef Terje Nordvik.  Rennet startar langfredag (7. april) kl 13. og det er påmelding i startområdet ved Skihytta.  

Traktering på Skihytta
Denne dagen er det fullt kjør på kjøkenet på skihytta – det er salg av kaffe og nystekte bakels og nylaga graut og slag av pølser med brød.  Men du må ha med kontantar, for det er ikkje mobildekning på skihytta og dermed kan du IKKJE betale med Vipps!

Rennleiar Nordvik hlovar bra vêrforhold og håper at mange tek turen til skihytta og Kjerringdilten denne dagen – alle er velkomne til å delta!

HalsOil har sponsa ny pokal som i år deles ut til odel og eige for vinnaren av årest Kjerringdilt. Hyttesjef Terje Nordvik trur det blir bra deltaking på årets Kjerringdilt og setter sin lit til gode vêrmeldingar. Foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 3. april 2023, 18:00 - Sist oppdatert: 6. april 2023, 07:00