Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I dag: Bli med på Gunnøydilten

Jon Olav Ørsal Måndag 3. april 2023

Mellom kl 12 og 15 kan du starte for å bli med på Gunnøydilten i Toåa Tursti.  Todalen Idrettslags trimgruppe gjentek suksessen frå i fjor, da folk gikk nærast «mann av huse» for å være med. Nærare 200 personar med smått og stort deltok, og gjorde arrangementet til ei fin oppleving for både liten og stor. 

Både store og småe kom for å bli med på Gunnøydilten Arkivfoto Jon Olav Ørsal

Det er ikkje noko stort opplegg med underhaldning, men det er sal av kaffe, brus og noko å bite i (Har høyrt rykte om at det blir både kanelsnurrar, sjokoladekake og pølse m/brød) Elles kan du sikre deg ein buff eller rompetaske med TIL-logo på og sjølvsagt blir det eit lotteri med flotte gevinstar, der det blir trekkjing kl 15. Og vêrgudane har love at det blir ein retteleg finversdag, med sol og rundt 10 varmegrader – kan det egentleg bli betre?

Betalingsmiddel –  under Gunnøydilten kan du bruke kontantar, eller Vipps nr 523022 for å kjøpe kaffe, lodd etc. (TIL trimgruppa)

Alle er velkomne til å bli med på Gunnøydilten i Toåa Tursti!

 

Først publisert: 3. april 2023, 06:00 - Sist oppdatert: 8. april 2023, 06:31