Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flinke ungdommar starta arbeidet med nytt ungdomsrom

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 5. mai 2023

Torsdag kveld var det vårdugnad på Bordholmen stadion. Klubbhuset vart vaska og rydda, og det vart klargjort for montering av nyinnkjøpt kjølehjørne, som det er plana å montere på neste dugnad, laurdag den 13. mai.

Astrid var ein motiverande rettleiar for ungdommane. Foto: Elinor Bolme

Ungdomsrommet tek form

Fleire ungdommar møtte opp for å ta til på arbeidet med å få lage det nye ungdomsrommet i reiskapshuset. Under kyndig og motiverande rettleiing frå Astrid K. Longva gjorde ungdommane ein kjempeinnsats, og fekk vaska ned rommet og starta arbeidet med å grunne veggane. Dei tykte det var for lenge til den 13. mai med neste dugnad, så dei vart samde om å møtast allereie måndag 8. mai klokka 18:00 for å fortsette arbeidet. 

Nils Ove ferdigstilte den nye gangen/slusa mellom reidskapshuset og det nye ungdomsrommet. Foto: Elinor Bolme

Elles vart den nye gangen mellom reiskapshuset og det nye ungdomsrommet ferdigstilt. 

Kjekt med truck når alle borda skulle takast ut og plasserast på rett plass. Foto: Elinor Bolme

Bord og benkar vart køyrt ut og plassert på sine respektive plassar, mellom anna i ungdomshuset og turstien. Reiskapshuset vart elles rydda. Alle veggar og klatretak frå det demonterte klatrerommet vart henta under dugnaden i går kveld. 

Borda kjem på plass. Foto: Elinor Bolme

Til slutt var det kaffe, kaker og is til den yngre garde. Det smakte godt etter ein effektiv dugnad! 

Før arbeidet med å grunne kunne ta til, måtte det vaskast. Foto: Elinor Bolme

Neste dugnad på Bordholmen og i Toåa tursti er laurdag 13. mai klokka 11:00. Meir informasjon kjem når dugnadane nærmar seg. 

Publisert: 5. mai 2023, 07:03