Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flott konfirmasjondag i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. august 2021

Dei tre konfirmantane i Todalen kyrkje vart endeleg konfirmert søndag.  Konfirmasjonen var planlagt på vårparten, men det sette viruspandemien med Covid 19 ein stoppar for. Men denne gongen vart det og da vart konfirmantane belønna med ein skikkeleg finvêrsdag.  Samtidig hadde Kristin Strand si aller siste gudsteneste i Todalen kyrkje – ho har egentleg slutta, men ville «være med» konfirmantane og sjå dei vel i mål. 

Les heile saka

Kyrkjegardsdugnaden vel i hamn

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 27. august 2021

I går kveld arrangerte Todalen sokneråd og slåttagjengen på kyrkjegarden dugnad på kyrkjegarden. Så no er kyrkjegarden ny slått og klar til helgas konfirmasjonsgudsteneste og hausten som kjem. Graskløpparen heldt akkurat ut, så no må den inn på service for å gjerast klar til neste år. Med andre ord, god timing!

Les heile saka

Fin tur til Hjellnessetra

Dordi Jorunn Halle Torsdag 26. august 2021

I dag gjekk turen til Oppistu-setra på Hjellnes, og 16 personer møtte fram for å gå turen, inklusiv tidligere eier av setra. Etter å ha lagt bak oss to regntunge dager viste værgudene seg godlynte i dag, og vi fikk en fin tur i solskinnet. Vi var godt fornøyd med deltakelsen da storparten av pensjonistene er ute på busstur. God trim var det også med stort sett bare motbakke fram til setra.

Les heile saka

Fjellgruppa til Vaulen tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 26. august 2021

Tysdag 31.august tek Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Vaulen. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring til Solåsvatnet. Derifrå er det omlag ein times mars i lett terreng inn til Vaulen. 

Les heile saka

Raset i Svinvikrunden er rydda

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 26. august 2021

I dag var Øyvind Svinvik med gravemaskin, og Tore Svinvik med motorsak, på plass på rasstaden i Svinvikrunden og rydda bort tre og massar etter raset. Bengt Svinvik var HMS ansvarleg, og såg til at arbeidet vart forskriftsmessig utført. Så no er det mogleg å gå Svinvikrunden. Surnadal har bidrege økonomisk til arbeidet fortel Tore Svinvik. 

Les heile saka

Tek vare på avfallet som ein ressurs.

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. august 2021

Talgø MøreTre i Surnadal og Fannrembedrifta Orkel har på ein måte «funne kvarandre».  Begge selskapa har funne ut at det ligg store verdiar i avfall og begge har gjort noko med det.  Hos Talgø MøreTre går det rundt 100.000 m3 med trelast gjennom høvleriet, som lagar rundt 25.000 m3 spon som avfall frå produksjonen.  Orkel har sia 80-talet laga rundballpresser, og har dei siste åra utvikla presser som pakkar mykje anna enn gras i rundballane.

Les heile saka


Straumlaust i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 25. august 2021

  Det er akkurat no straumlaust i Todalen og utover mot Stangvik ifølge Svorka Energi. Feilen er no lokaliseet, og Svorka reknar med at feilen er retta om 2 – 3 timar, altsa mellom klokka 23:00 – 24:00. Svorka beklager dette.

Les heile saka

Senioruniversitetet gjesta Talgø på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. august 2021

Dei kunne no valt seg ein likare vêrdag når dei først skal på besøk til Todalen.  Men sjølv nedbørsmengder, flaumstore elvar, og til og med ras i gammelvegen på Svinvikrunden skremte ikkje Senioruniversitetets medlemar frå turen til Todalen.  Dei hadde invitert seg sjølv til Gammelfabrikken, for å sjå og høyre om både gammel og ny tid ved Storfossen i Brusetmarka. Og Storfossen som danna grunnlag for satsinga i 1899 og kraftproduksjon, dundra i dag forbi Gammelfabrikken med 77 m3/sek kl 13.

Les heile saka


Fotpleie i september

Dordi Jorunn Halle Onsdag 25. august 2021

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem måndag 13. og tysdag 14. sepetmber. Det er mange ledige timar båe dagane.

Les heile saka

Mykje regn og flaumstore elvar – oppdatert

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. august 2021

Det var nok inga overrasking av det var flaumstore elvar i dag tidleg, etter som yr.no i sinemeldingar har åtvara om til dels store nedbørsmengder lokalt.  Her på berget kan vi lese på ein av dei lokale verstasjonane at det var mykje nedbør både ein periode i går kveld og ein periode i 2-3 tida i natt. 

Les heile saka