Surnadal kommune melder:
Årets influensavaksinering vil foregå i Surnadal idrettshall 27.- 29. oktober. Vaksineringsdagane er delt inn slik at folk frå ulike grender møter opp på ulike dagar.
Les heile sakaSurnadal kommune melder:
Årets influensavaksinering vil foregå i Surnadal idrettshall 27.- 29. oktober. Vaksineringsdagane er delt inn slik at folk frå ulike grender møter opp på ulike dagar.
Les heile sakaSøya/Todalen sitt G12 lag avslutta fotballsesongen 2020 med kamp mot Bryn 1 på Søyabanen søndag. Vêrgudane varta opp med eit skikkeleg ufyseleg vêr med regn og kulde. Så det vart ei våt og kald oppleving både for spelarane og publikum. Dette var den siste fotballkampen for laga til Søya/Todalen i årets sesong. No tek alle laga ein fortent pause, for å «lade batteria», før sesongoppkøyringa til neste års sesong tek til etter kvart.
Les heile sakaMåndag 26. oktober kl. 19.00 arrangerer Todalen sanitetsforening ope møte i Todalen ungdomshus. Temaet for kvelden er «Koronapandemien i Surnadal. Har sanitetskvinnene kort i ermet?», og det er kommuneoverlege Bjørn Buan som er kveldens foredragshaldar.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 19. oktober. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaDen lokale handledagen gikk ikkje upakta hen, for det har vore skikkeleg trøkk gjennom heile dagen. Bakelspressa har gått for fullt, så Karen Johanne og Helga har hatt fullt opp med å servere nystekte bakels med smørgraut til alle som var innom til gratis kaffeservering i Kaffekroken.
Les heile sakaFredag kveld var det premiere for Bygdebok for Surnadal – bind 4 som omtalar området frå Polden, over Lykkjeeidet og oppover til Sogge. Boka hoppar elegant over Grimsmoen og Skei som blir med bindet som omtalar sentrum. Bind 4 vart eit solid verk som viser over 2 kilo på vekta, men det vart eit bra produkt – faktisk betre enn dei 3 første med tanke på bilder, gode forteljingar og anna dokumentasjon fortel dei to redaktørane Siv Snekvik og Norunn Holten.
Les heile sakaFredag ettermiddag hadde Søya/Todalen sitt G9/10 lag sesongavslutning for å feire at fotballsesongen 2020 er over for deira del. I år vart feiringa lagt til Rush Trampolinepark i Trondheim, noko som vart særs godt motteke av spelargruppa, og støtteapparatet og for den del.
Les heile sakaNærbutikker over hele landet takker for god handel i dette koronaåret og oppfordrer bygdefolket til å holde fram med å handle lokalt. Lørdag 17. oktober blir det aksjonsdag over hele landet for lokal handel, og vi i Matkroken Todalen er selvsagt med på kampanjen. «Handle lokalt – velg nærbutikken» er slagordet for kampanjen, som blir arrangert i samarbeid med Merkur og Distriktssenteret, som begge er statlige organer.
Les heile sakaNils Gjeldnes har spesialisert seg på preparering av gevir, og no er det høgsesong på den fronten. Nils tek i mot gevir av både rådyr, hjort, elg og rein. Sågar har han montert gevir av bekre og sauer også – men det er flotte hjortgevir han tykkjer er mest imponerande og flotte å sjå på. Og Nils har nok sett mange gevir for han har gjennom eit langt liv vore ein ivrig jeger, både på storvilt og småvilt. Han er ikkje helt sikker på talet, men i underkant av hundre hjortar har han nok felt i si jaktkarriere.
Les heile sakaVi har i ein e-post frå Surnadal kommune si kulturavdeling fått informasjon om den fylkeskommunale ordninga med tilskot til «Brannsikring av tette trehusområde». Dette er ei tilskotsordning som tidlegare vart administrert av Riksantikvaren, men som no fylkeskommunane har overteke. I Surnadal kommune gjeld denne tildkotsordninga for Todalsøra og Surnadalsøra. På kartet nedanfor ser ein kva område som ligg innafor det som blir definert som Todalsøra og kva eigedomar det då er mogleg å få tildkot til Brannsikring for. Området som er omfatta av tilskotsordninga er merka med blått.
Les heile sakaOnsdag 21.oktober klokka 18:00 kjem forfattaren Gunn Marit Nisja til Surnadal folkebibliotek på kulturhuset for å presentere den nye boka si, «Jeg skal ta vare på deg». Gunn Marit er fødd og oppvoksa i Sunndal, men er i dag busett i Modum i Viken. Der arbeider ho som avdelingsleiar på Blaafarveverket. Ho debuterte som romanforfattar i 2011 med romanen «Naken i hijab». Etter det har ho gjeve ut romanane «Porselenspiken», Olivensteinen» og «Etter oss», før ho no i haust altså gjev ut «Jeg skal ta vare på deg».
Les heile sakaSiri Skjerve som har etablert seg som kunstnar heime i Bekkerhagan fikk torsdag besøk frå kunstnakolleger som denne veka har delteke på workshopen «Høste» på Kvenna kunstvekstad. Det er Brit Dyrnes som driv Kvenna kunstverkstad og som i samarbeid med Kulturspinneriet (Stangvik prestegard) arranger workshop med 16 deltakarar. Det er deltakarar frå Fauske i nord til Sogn i sør, og dei bur på prestgarden i Stangvik medan dei er her.
Les heile saka