Her kjem siste nytt om sommarvaksineringa og kva du kan gjere dersom timen din ikkje passar. For dei fleste av oss ute i distrikta er ferieplanlegginga prega av når vi kan forvente å få første dose med koronavaksine.
Les heile saka
Her kjem siste nytt om sommarvaksineringa og kva du kan gjere dersom timen din ikkje passar. For dei fleste av oss ute i distrikta er ferieplanlegginga prega av når vi kan forvente å få første dose med koronavaksine.
Les heile sakanterkommunalt miljøretta helsevern, har på vegne av Surnadal kommune, sjekka badevatnet ved badeplassen ved småbåthamna i Sissigrenda. Prøvane er utført av avdelingsingeniør Oddrun Persdotter Fiske. Prøvane viser at vatnet er «gullande reint».
Les heile sakaI kveld arrangerte Trimgruppa i Todalen Idrettslag sesongens andre sykkeltrim. Ruta i kveld gjekk frå Bordholmen til Nerbu på Todalsøra. Derifrå gjekk turen opp til Øyabrua, opp Pilskaret, via Toåa tursti og ned til Bordholmen att. Jo Kvande Hansen, frå Intersport Olaf Moen i Surnadal, stilte sporty opp med ein demo elsykkel og verkty. Medan mange prøvde elsykkelen, viste han fram enklare reparasjonar og tips om dagleg vedlikehald av sykkel.
Les heile sakaPå ein pressekonferanse på Talgø MøreTre i Surnadal kunngjorde konsernsjef Terje Talgø at Talgø no stevnar Staten v/Direktoratet for Byggkvalitet for retten. Vi ikkje nokon anna utveg, etter som det blir påstått at vi merker våre royalprodukt feil. No må det ryddes opp, og vi ser ikkje noko anna utveg enn å gå rettens veg, sier Terje Talgø.
Les heile sakaI dag var det markering på kantina på Talgø Bygg. Bjørn Todalshaug takkar av og blir pensjonist etter ein arbeisdag som har vart i heile 47 år. Han hadde starten på sin yrkeskarriere på SIAS Interiør i Todalen, og tok med seg 12 års erfaring da han flytta til Holten & Aasgård Møbelfabrikk i 1986. På Holten og Aasgård vart det 11 nye år, før han fikk sin arbeidsplass i Todalen, da Talgø overtok Holten og Aasgård.
Les heile sakaI går gjekk turen til Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag inn i skoddeheimen, men endte heldigvis opp på Raufjellet, som var turmålet i går. Alle dei 17 turdeltakarane fann vegen, utan at nokon av turdeltakarane «tulla seg bort» i skodda, og kom velberga både opp på Raufjellet og ned att!
Les heile sakaTorsdag ettermiddag – nærare bestemt kl 16.00 køyrer The Invalidos i gang med sin «drive-in» konsert på Bordholmen stadion på Kvennset. Om du ikkje får køyre heilt fram til scena, så er det iallfall full dekning for å kalle det friluftskonsert.
Les heile sakaDet siste døgnet har Visit Nordvest vore på Todalsvisitt, men tanke på å promotere Todalen som turistmål. Vi fekk eit lite frukostintervju med gjengen som er på 14-dagers tur rundt på Nordvestlandet for å samle inn bilde, film og inntrykk med tanke på neste års marknadsføring av området og satsing mot reiselivet.
Les heile sakaSol og god temperatur – ein riktig fin dag for kløvertur. Turen 28. juni gjekk frå Gammelfabrikken oppover Gammelfalla langs Storfossen; riktig så idyllisk med fossedur, fuglesong og fargerike blomstrar.
Les heile sakaTorsdag 1. juli er det ny stavgangtur i regi av Surnadal pensjonistlags stavganggruppe. Denne gongen går turen til Nauståfossen ved Kårvatn i Todalen. Start til vanleg tid kl 11, frå parkeringsplassen ved Kårvatn. Etterpå blir det kafferast ved Kokkhuset
Les heile sakaI dag har det pågått asfaltering av mange små grufser rundet bygda. Dei par vekene har Mesta førebudd asfaltering der det er skader i asfalten rundt heile bygda. Pengane strekk nok ikkje til slik at alt blir utbetra, men dei verste hola i asfalen blir no reparert.
Les heile sakaOnsdag 16.juni var det årsmøte i Nordvik Båtforening i Nordvik forsamlingshus. I tillegg til dei vanlege årsmøtesakene, var det ei orientering om planene for ny småbåthamn, som er planlagt nedanfor hyttefeltet på Øygarden. Styret i båtforeninga pressenterte dei foreløpige planene og framdriftsplana for den nye småbåthamna. Årsmøtet gav si fulle tilslutning til planene og fremdriftsplana […]
Les heile saka