Fleire tilbod i Heimetenesta blir no stengde eller reduserte i to veker framover. Dette skuldast mykje koronasmitte hos dei tilsette i heimetenesta, og som i sin tur fører til sjukefråvær. Dette får vi opplyst frå heimetenesta i Surnadal kommune no i ettermiddag.
I meldinga frå kommunen heiter det: – Heimetenesta har no høgt og aukande sjukefråvær grunna smitte hos tilsette og/eller barn av tilsette. Fleire får symptom og blir sjuke, noko som medfører fråvær utover dei anbefalte 4 dagane i isolasjon. Vi har også fleire pasientar med påvist smitte som no krev meir fagleg oppfølging, sjølv om ingen så langt er alvorleg sjuke.
Les heile saka
Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag har dei siste dagane lagt is på skeisebanen på Bordholmen stadion. No er skeiseisen nypreparert og klar til bruk. Barne- og ungdomsgruppa ønsker difor alle velkomne for å gå på skeiser.
Les heile saka
Royalsaka som har versert det siste året og vel så det, har fått stor merksemd både i pressa og i byggesektoren – både i byggvarebutikkane og hos ferdighusprodusentane. No tek faktisk denne saka ei ny vendig, og likestiller trepanel som er royalbehandla og trepanel som er overflatebehandla med vanleg olje- eller alkydmåling.
Les heile saka
Torsdag 24. februar klokka 11:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag igjen til «Bøy og tøy». VIKTIG! På grunn av at det framleis foregår ombygging i Meierisalen, blir torsdagens «Bøy og tøy», også denne gongen i Trudvang! Surnadal Pensjonistlag har tidlegare hatt med seg Oda fysioterapeut som instruktør for trimmen, men no blir det fysioterapeut Lage som overtek som instruktør for trimmen.
Les heile saka
I si vekentlege oppdatering av smittesituasjonen i Surnadal kommune, kjem kommuneoverlege Bjørn Buan, også med ei oppdatering på eit pågåande smitteutbrot ved Surnadal sjukeheim. Utbrotet ved sjukeheimen gjeld både for bebuarar og tilsette.
Les heile saka
Frå 1. mars vil 300 pasientar ved Surnadal legesenter få endra fastlege. Dette skuldast at fleire av fastlegane reduserer pasientlistene sine. Det er Helfo som føretek sjølve reduksjonen ved å gjere et tilfeldig uttrekk av pasientar.
Les heile saka
Måndag og kløvertur; – kjekt å treffast! Men med snø og glatte vintervegar må ein sko seg godt og passe på kor ein går.
Les heile saka
Søndag 27. februar klokka 11:00, inviterer Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg denne søndagen er Cathrine Grutle, medan Bern Bøe er organist. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet på Vipps: 506908.
Les heile saka
Siste onsdagane i februar, mars, april og mai, inviterer kyrkja i Surnadal alle til felles middag på kyrkjelydshuset på Skei. Da blir det servert middag og ettermiddagskaffi/te til alle i alle aldrar. Serveringa er i tidsrommet frå klokka 16:00 – 16:45, men dørene opnar klokka 15:30. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:00.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 21. februar. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?
Les heile saka
Endeleg kan vi feire 10-års jubileet som randoneekonkurranse, etter to års ufrivillig coronaavbrudd. Det betyr at rennet på Kårvatn i Todalen er den eldste randoneekonkurransen i Norge, som er «i drift». – Takket være ein veldig rutinert og dyktig arrangørstab. Kårvatn Skimo blir arrangert på Kårvatn i Todalen 26. – 27. februar (laurdag og søndag)
Les heile saka
Med godt belegg vant gjensidig beundring månadens bilete for januar, og er dermed det første vinnarbilete i 2022. Ingri Bruset var fotografen som trakk det lengste strået i månandens bilete kåringa, vi gratulerer.
Les heile saka