Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Informasjon frå Todalen Idrettslag.

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 29. november 2020

Todalen Idrettslag sender i desse dagar ut Medlemsinfo til sine medlemmer. Dette kjem i postkassen i løpet av helga. Her ber idrettslaget alle medlemmer om å sende inn epostadressa si. Dette for å lette arbeidet med å sende ut medlemsinformasjon og medlemskontingent. Så idrettslaget håper på god respons frå sine medlemmer på dette! Medlemmer som bor utanfor bygda blir spesielt oppfordra om å registrere epostadressa si!

Les heile saka

Travle dagar med leirskule på Bjørnsund

Jon Olav Ørsal Sundag 29. november 2020

8. klasse ved Surnadal ungdomsskule har hatt spanande dagar med leirskule på det gamle fiskeværet Bjørnsund utafor Bud.  Heile det 9. årstrinnet reiste utover sist måndag og hadde tilhald på leirskulen i det gamle fiskeværet til fredag.  Det vart travle dagar frå 8 om morgonen til kl 17 om ettermiddagen – og sjølvsagt ein bratt læringskurve når dei både skulle lære og prøve «livet i fjøra» i løpet av veka. 

Les heile saka


Siste Kløvertur i 2020

Dordi Jorunn Halle Sundag 29. november 2020

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 30. november. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Samling ved gapahuken oppe på Tjønnmyran ca. kl 11.15. 

Les heile saka

Tenning av julegrana i Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Sundag 29. november 2020

Da er det klart for årets happening, skriv Brusetmarka vel i sin invitasjon til tenning av julegrana i Trudvangkrysset. Det skjer måndag kveld 30. november, kl 18:00 og dei byr på enkel servering. Sjølvsagt er arrangementet tilpassa smittevernreglane i kommunen i samarbeid med kommuneoverlegen – men vi gjer det beste ut av det, seier arrangøren. 


Lysmesse i Todalen kyrkje søndag 29.november

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 29. november 2020

På søndag er det lysmesse i Todalen kyrkje klokka 19:00. Opprinneleg var det meininga at det skulle vere konsert med: P17-koret, Bjørn Vevang og orgelreparatør Espen Selbæk, etter lysmessa. men dette let seg dessverre ikkje gjennomføre på grunn av smittevernreglane i samband med Covid-19. 

Les heile saka

Todalen Grendalag med julegatetenning

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 28. november 2020

Todalen Grendalag si, etter kvart, tradisjonelle julegate, mellom Talgø og Matkroken, vart tend i ettermiddag. På grunn av Koronasituasjonen så vart det ikkje noko arrangement i samband med tenninga av julegata i år, slik det har vore åra før. Men knapt tretti hadde likevel teke turen for å sjå at julegata vart tend.  Todalen Grendalag […]

Les heile saka

Fin og stille seinhaust i turstien

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. november 2020

Alle årstider har sin sjarm!  Slik er det også i Toåa tursti, som følgjer Toåa frå Trøbakkan og nedover til Halsabrua.  Med mykje fint rim som har punta opp både skog og mark, tok vi turen nedover stien. Håpa sjølvsagt at det dukka opp ein trimmar eller to, slik at vi kunne få eit lite stuntintervju. Som oftast treffer du folk i turstien, for den er mykje bruka – men denne gongen fikk vi ha den for oss sjølv.

Les heile saka

Tenning av adventspålen i Bekkerhagen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 27. november 2020

Adventstida nærmar seg, og førstkomande søndag er det første søndag i advent. Med tanke på at dette har vore eit spesielt år, på grunn av Koronasituasjonen store delar av året, vil det vere viktigare enn på lenge å lyse litt opp i dagane fram  mot julehøgtida. 

Les heile saka

Kom frå Trondheim på skihandel

Jon Olav Ørsal Fredag 27. november 2020

Om det ikkje er mange så er det i allfall fleire som tek omaken med å besøke butikken vår for å kjøpe ski. Det er kanskje ikkje så rart, for Kårvatn Fjellutstyr var nærast pionerar da dei starta med sal av slikt utstyr for lenge sia. Marianne Melhus Gautvik tok fredag turen frå Trondheim, og da vart det komplett pakke med utstyr for Marianne og ettersom dette var Black Friday så var det vel rette dagen for å handle utstyr. 

Les heile saka

Ha respekt for påkøyrte dyr

Jon Olav Ørsal Fredag 27. november 2020

Når dyr blir påkøyrt er det faktisk vår plikt å ta vare og eventuelt sørge for avliving. Fredag morgon vart ein grevling påkøyrt og vart liggande utover heile føremiddagen – og den såg ut til å ha vore påkøyrt/overkøyrt fleire gong utover føremiddagen.  Sørg i det minste for å fjerne dyra frå vegen og varsle politiet som kan sørge for at dyra blir tekne vare på. 

Les heile saka

Ane Brun sin musikk blir teater

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 27. november 2020

Teatret Vårt kjem til Surnadal kulturhus med «Virvelvind» torsdag 29. april neste år og tilbyr i samband med dette «Black Friday»-prisar på billettar i dag, fredag 27.november. Her kan det vere eit mogleg julegåvetips?

Les heile saka