Måndag hiva vi oss med på markdag, med Landbruk Nordvest som arrangør og med Olaug Kvendset og Asgeir Longva som vertskap. Tema for markdagen var jord og jordhelse, og vi fikk ei innføring i korleis vi sjølve kan undersøke jorda vår. Det kan være mange grunnar til at ein bør undersøke jorda si. Ved å grave litt og sjå på resultatet kan ein finne fleire signal på om det er naudsynt med tiltak for å betre jordkulturen. Det har nemleg stor betydning for om plantene vil trivast og kor stor avling ein kan få.
Les heile saka
Den etterlengta haustferien står for døra og dei fleste har sikkert tenkt å bli heime eller på hytta si i år. Det kan det vere fleire gode grunnar til å gjere no.Den etterlengta haustferien står for døra og dei fleste har sikkert tenkt å bli heime eller på hytta si i år. Det kan det vere fleire gode grunnar til å gjere no. Ta deg tid til å lese kommuneoverlegens råd om korleis du kan få ein trygg og god haustferie.
Les heile saka
Denne veka har 10.årstrinnet ved Surnadal Barne- og Ungdomsskule utplasseringsveke. Vanlegvis er utplasseringsveka på våren i 9.årstrinn, men på grunn av Koronasituasjonen er ingenting som vanleg i år, så då vart den flytta til i haust. Føremålet med utplasseringsveka er å gje elevane eit lite innblikk i arbeidslivet og ikkje minst for å hjelpe dei litt med valet av framtidig studieretning. Elevane i 10.årstrinn må innan 15.mars 2021 bestemme seg for kva studieretning dei vil søkje seg inn på når dei frå neste haust går over frå grunnskulen til den vidaregåande skulen. Nokon er framleis i tvil om kva dei vil, medan andre allereie har bestemt seg for studieretning. Difor er utplasseringsveka nyttig for mange av dei før dei tek det endeleg valet om studieretning.
Les heile saka
Matkroken Todalen investerer i nytt dataanlegg for drivstoffsalet, og må i samband med moteringsarbeidet stenge drifstoffsalet eit døgn. Difor blir anlegget heilt stengt i tidsrommet frå torsdag 1. oktober kl 09.00 til fredag 2. oktober kl 9.00
Les heile saka
Tidlegare varsla nedetid natt til onsdag er utsett inntil vidare – det kjem nytt varsel og nytt tidspunkt seinare, melder Svorka!
Les heile saka
Måndag kveld spela Søya/Todalen sitt J9/10 lag sin siste kamp for sesongen. Kampen vart spela inne i Hydro-Hallen på Sunndalsøra, og motstandar var Sunndal J10. Laget frå Sunndal er seriens beste lag og var store favorittar til kampen.
Les heile saka
Siste måndagen i september gjekk Kløverturgjengen frå Innerdalsmerket til Kårvatn. Sola skein, det var varmt og godt; meir som ein sommardag og herleg turver!
Les heile saka
No blir det sesongbyte for «Todalen bodybyggjarlag» som har gjennom sommaren har drive aktivt med sykkeltrim på måndagskveldar. No er dei innhenta av haustmørkret, og arrangerte difor sin siste sykkelkveld for i år. Turen gikk først utover stranda og så oppover til Gammeldfabrikken i Brusetmarka og nedover att til Vangen. Der var det etter plana lagt inn forfriskningar, før turen fortsette nedover bygda og til Kvennsetøran igjen. Men kva skjer vidare no som Hett & Svett er midlertidig stengt på grunn av smittefare?
Les heile saka
I fint vindstilt haustver vart sesongens siste fotballkamp på Bordolmen stadion spela i kveld. Kampen var eit lokaloppgjer mellom Søya/Todalen G9/10 og Surnadal G9.
Les heile saka
Måndag 28.september kl. 18:00 blir årets siste fotballkamp spela på Bordholmen stadion. Då tek Søya/Todalen G10 imot Surnadal G9 til eit nytt lokaloppgjer i lokalfotballen.
Les heile saka
Torsdag 1. oktober går vi natursti langs Toåa i Todalen. Starter til vanlig tid, kl 11:00, fra Bordholmen hvor vi har parkert.
Denne dagen får vi besøk av helsefagelever sammen med lærer. Fint om de får møte mange av oss!
Alle er velkomne til å bli med!
Søndag kl. 14:00 spela Søya/Todalen sitt G12 lag sin andre kamp denne helga. I går spela dei kamp mot Smøla G12 på Bordholmen stadion, medan det i dag var kamp på Søyabanen mot Ekko/Aureosen.
Les heile saka