Fredag 1. desmber, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Det nærmer seg jul, og ibakeriet er det høg aktivitet og mykje å gjere fram mot jul. For å sikre at alle får det dei vil ha, ønsker dei at så mange som mogleg førehandsbestiller bakst dei ønsker å kjøpe på fredag.
Les heile saka
Kløvertursesongen blir avslutta med tur i Toåa tursti måndag 27. november. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Siste laurdagen i november var det siste Fredrikkekaffeen i 2023 i Sanitetshuset.
Les heile saka
Laurdag er det sal av TIL trimgruppas julekalender på Matkroken Todalen. Torill og Sissel rapporterer at salet går strykande, og «alle » som er innom kjøper kalendere. Og det blir da litt av eit lotteri, for det er alt kome inn masse gevinstar, som sikrar at det blir fleire gevinstar som blir trekt ut kvar dag frå 1. desember og til julaftan 24. desember når hovudgevinsten blir trekt.
Les heile saka
Todalen Mjølk, som er ansvarleg for brøyting i Pilskarvegen, melder att kantsteinane som markerer maksimumsbredde på kjørty som skal passere brua er flytta på grunn av brøytinga. Dei poengterer at skiltinga med maksimal bredde og maksimal totalvekt gjeld framleis.
Les heile saka
Plutseleg er brøytesesongen i gang – ein forsmak fikk vi torsdag, men i løpet av natt til fredag så kom det 10-15 cm tung og blaut snø. Dermed var det full fart på traktorane til Todalen Mjølk, so har brøytinga både på fylkelsvegane, kommunale vegar og mange private vegar.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe laurdag 25. november i tidsrommet 13:00 – 16:00. Vel møtt!
Les heile saka
Denne weekenden deltar Talgø på nok en messe. Denne gangen er det ei Proffmesse i regi av Byggmakker – målgruppen denne gangen er Proff-kunder i Midt-Norge og Nord-Norge. For Talgø er det Talgø Bygg som markedsfører byggelement fra elementfrabrikken i Todalen og i tillegg MøreRoyal kledning fra Talgø MøreTre.
Les heile saka
Todalen Idrettslag har gått gjennom medlemskartoteket sitt, og i samband med dette ser det ut til at nokre av medlemmane i idrettslaget ikkje har fått eposten med fakturaen for medlemskontingent for 2023. eller at eposten rett og slett har hamna i spamfilteret. Dei som ikkje er registrert med betalt medlemskontingent for 2023 vil difor no motta papirfaktura i postkassen sin.
Les heile saka
Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) ønsker å takke for minnegåva dei fekk i samband med Leiv Strand si gravferd frå Ranes Kyrkje fredag 10. november i år:
Vi takker varmt for minnegave i forbindelse med Leiv Strand sin begravelse.
Surnadal jeger og fiskerforening
Les heile saka
Du finn eit allsidig utval med historik materiale i hyllene på Matkroken Todalen. I samarbeid med Todalen historielag finn du fleire av deira bøker og temaheter som er kome på trykk gjennom åra. I tillegg er heile serien (bind 1 til 5) med bygdebøker for Surnadal på plass i hyllene.
Les heile saka
Når vi snakkar om fjorårets suksess så meiner vi sjølsagt fjorårets julekalener – den vart ein formiddabel suksess for TIL trimgruppa. I år blir det sjølsagt reprise og det er alt kome inn massevis av flotte gevinstar, fortel Anita Talgø og Torill Talgø som er lotterisjefar. Som i fjor er det Vipps som gjelder for salet av julekalendrar, men laurdag 25. november blir det sal av julekalendrar på Matkroken Todalen i opningstida.
Les heile saka