Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Møte om kvinnehelseproblem

Dordi Jorunn Halle Laurdag 20. april 2024

Todalen sanitetsforening og Surnadal sanitetsforening inviterer til ope møte om kvinnehelseproblem. Det skjer tysdag 23. april kl. 19:00 i aulaen på Surnadal vidaregåande skule. 

Hovudtema for kvelden er overgangsalderen, men også andre sider ved kvinnehelse vil bli belyst. Det har så langt vore lite forskning knytta til spesielle helseproblem for kvinner. Men her er det no ei endring på gang, og det er ikkje minst takka vere Sanitetskvinnene. Dei har teke initiativ til å få i gang forskningsprosjekt som dei også har støtta økonomisk. 

Det gratis inngang, og det blir servering. 

Sanitetsforeingane ønsker alle vel møtt – her er det ein unik sjanse til å få aktuell kunnskap og gode råd!

 

 

Publisert: 20. april 2024, 23:01