Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hamna øvst på sigerspallen i «Patrouille des Glaciers».

Jon Olav Ørsal Sundag 21. april 2024

I helga har det vore sesongslutt for randonee-sporten.  Erik Kårvatn har delteke i det legendariske patruljeløpet «Patrouille des Glaciers» saman med kameratane Finn Høsch frå Tyskland og Oriol Olm Ruppert frå Andorra. Dei 3 gjekk på same 3-mannslag, og var ikkje snauare enn at dei hamna på toppen av seierspallen for sin klasse.

Young Guns framfor målet – klokka stoppa på 9:45.05 (Tida dei 3 bruka tilsaman. Foto KUVA

Fakta:
Du kan snakke om ekte randonée når du snakkar om «Patrouille des Glaciers».  Det skjer i den sørvestlege delen av de sveitsiske alpane, og har ei historie heilt attende til 2. verdskrig, og det er eit spesielt patruljeløp som går etter den legendariske ruta som er kalla «Haute Route». Den går mellom ZERMATT og VERBIER, og tok normalt fire dagar å fullføre, men som no kjøres på ein dag. 

Konkurransen fann stad første gong i 1943, og dermed var Patrouille des Glaciers (PdG) «født». I 1949 var det ei tragisk ulykke som gjorde at det vart stans. Ei patrulje forsvann i ei bresprekk – deretter vart det forbode å arrangere.  Men i 1984 vart det igjen lov å arrangere, og 187 patruljer var med på restarten.  PdG har vokse jamt og trutt sia den gongen, og VM i randonée har vore arrangert på denne ruta fleire gong.

Så glad – så glad – dei tre kompisane gikk inn til beste tid i sin klasse i det krevjande løpet . Oriol Olm Rouppert, Finn Hösch og Erik Kårvatn, Foto Andreas Hösch

I år skulle det arrangerast 40-årsjubileum, men arrangementet som skulle gå i helga vart sterkt redusert på grunn av dårleg vêr – berre eit av patruljeløpa vart arrangert – den kortaste varianten på knappe 30 kilometer.

Første Todalingen på startstreken i PdG

Erik Kårvatn er nok første Todalingen som er med på «Patrouille des Glaciers».  På dagens patruljeløp skulle det totalt stille 1302 deltakarar  i 4 forskjellige klassar.

Erik i Full fart under PdG – foto KUVA

Alle saman skulle gå i tremannslag  – Erik gjekk i lag med tyskaren Finn Hösch og Oriol Olm Ruppert frå Andorra. Namnet på laget deira er Young Guns, og som sagt er løpet rundt 30 km – høgaste passeringspunktet var Rosablanche på 3160 m.o.h. med start i Arolla og målgang i Verbier.

Det var nok litt av ein prestasjon å kome først i mål i sin klasse for dei tre på laget Young Guns, som iallfall ikkje gjorde skam på lagnamnet. 

Publisert: 21. april 2024, 20:36