Søndag spela Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen sitt J12 lag sin 5.kamp på 8 dagar. Kampen vart spela på Søyabanen og motstandar var Molde J12 2. Vêret var ganske bra heilt til siste halvdel av andre omgang, men då hadde vêrgudane bestemt seg for å opne slusene på vidt gap.
Les heile saka
Neste veke er det ikkje mindre enn tre fotballkampar på Bordholmen stadion. På måndag er det G9/10 kamp, torsdag er det J9/10 kamp og på laurdag er det G12 kamp. Det vil bli open kiosk på alle kampane med sal av m.a. bakels med graut.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur i Øyalia måndag 21. september. Start frå Hals/Matkroken kl. 11.00. Turen startar frå parkeringsplassen ved Ungdomshuset ca. 11.10. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag melder:
Tirsdag 22.9. går turen til Syltnebba. Vi møtes på parkeringsplassen ved alpinsenteret kl 1100 og følger veg/sti til toppen. Hugs mat og termos!
Les heile saka
Kommuneoverlegen fikk laurdag kveld melding om eit nytt påvist smittetilfelle med covid-19 knytta til testing i regi av den pågåande smittesporinga.
Les heile saka
Laurdag spela Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen sitt J12 lag kamp mot Midsund J12 på Alvundfjord stadion. Det var gode speleforhold og til og med sola kika så vidt fram under kampen.
Les heile saka
I ei felles pressemelding onsdag denne veka orienterte ALTI Forvaltning AS i Surnadal og Falksenteret Eiendom AS som eig Falksenteret kjøpesenter på Kyrksæterøra om at dei hadde underteikna ein forvaltningsavtale som inneber at ALTI Forvaltning AS i Surnadal overtek forvaltninga av Falksenteret.
Les heile saka
Norsk institutt for bioøkonomi, NIBIO, har 15 avdelingar spreidd utover heile landet, mellom anna har dei ei avdeling på Tingvoll. Dei tilsette her var torsdag 17. og 18. september på fagtur til Nordvik og Todalen og avslutta fredag ettermiddag med ein avstikkar til Stangvik.
Les heile saka
Da vi trefte Brit Grønmyr hang ho i ein stige på fjøsveggen og dreiv innhausting av eple. – Åkerø er prima vare, og på den søraust vendte fjøsveggen får nok epla nok varme til å mognast til smakfull og god frukt, fortel Brit. No er Brit heime hos familien i Todalen ein tur, men til dagleg har ho sitt liv og virke i Lofoten og Vesterålen. Der skal ho passe på at naturen blir teken vare på og bruka på forsvarleg måte.
Les heile saka
Surnadal kommune heldt fredag ettermiddag eit pressemøte med oppdateringar knytt til det påviste smittetilfelle med covid-19 i Surnadal. Ordførar Margrethe Svinvik starta møtet med å orientere om at dei iverksatte tiltaka som vi tidlegare i dag har orientert om i denne saka vil halde fram over helga og bli vurdert på nytt måndag. Kommunelege Bjørn Buan […]
Les heile saka
I ei pressemelding frå ALTI og Berg Eiendom Levanger AS i dag kunngjer dei at eit selskap i ALTI, eigd av LL Holding frå Surnadal (75%) og Bigaio Holding AS frå Førde (25%) har kjøpt Magneten kjøpesenter på Levanger og 3 andre selskap. ALTI kjøper desse selskapa av Berg Eiendom AS på Levanger. Selskapa som er med i handelen er BE Moafjæra 14 AS (Magneten), BE Moafjæra 12 AS (Meny og Europris), BE Moafjæra 16 AS (Rema 1000 og Burger King) og Magneten Drift AS (driftsselskapet til BE Moafjæra 14 AS)
Les heile saka
I samband med smittesporing av eit tlfelle av påvist Covid-19 i Surnadal kommune er desse barnehageavdelingane/skuletrinna stengt av kommuneoverlegen fredag 18.09 og måndag 21.09 2020:
Les heile saka