Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hyllå – utsikt som konkurrerer med Storhaugen

Jon Olav Ørsal Sundag 15. november 2020

Fordi om registrering av stikkutturar til fots er slutt for i år og premiering av trimturane til TIL-postane så er det ingen grunn til å legge trimturane på hylla for i år.  Det er enno fint føre for å ut i naturen og jammen er det godt å kome seg ut.  I dag vart det rundt 10 varmegrader da frukosten godt og vel var unnagjort og dermed vart det tur til Hyllå (Ja-benken) med start frå Flathauan. Dette er ein forholdvis ny trimpost, der du får den flotte utsikta over nedre del av bygda som premiering når du kjem fram. 

Ta gjerne med deg termos med ein kaffedråpe når du skal nyte utsikta! Foto: Jon Olav Ørsal

Her er det ny flott kasse til trimboka som Svorka har sponsa, og det er laga både JA-benk og Nei-benk der det går an å nyte medbrakt kaffe eller forfriskningar. – Nei-benken har forresten askebeger som ekstrautstyr, men har enno ikkje sett at det har vore i bruk. 

Vi hadde med kaffe på termosen og kunne ta ein lang kaffepause og berre nyte utsikten over Husbygardane og Husbygrenda/»Fredrikstad» som i dag hadde sin siste soldag for i år!

Husby og Husbygrenda/»Fredrikstad» hadde sin siste soldag i dag (15. november), men vi var for tidleg ute for å få med oss det siste solglimtet. Foto: Jon Olav Ørsal

Neibenken har bord og askebeger som ekstrautstyr, men har enno ikkje sett askebegeret i bruk. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 15. november 2020, 13:17