Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vangsgutane og andre julehefte er komne i salg

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. november 2020

Julehefte av ymse slag er forlengst på plass i butikkene.  På Matkroken Todalen er det ikkje noko unntak og sjølvsagt er det Vangsgutane som får mest fokus der.  Årets hefte er i år som dei siste åra todelte – med halve heftet med nytt stoff, der Nils Nordberg fortel. Andre halvparten av heftet er kjent stoff frå tidlegare årgangar av Vangsgutane med Leif Halse som tekstforfattar.  Kva du likar best er det nok delte meiningar om.

For kr 64 får du både ny og gammel versjon av Vangsgutane i same hefte. Illustrasjon frå Vangsgutane

Av kjente figurar i «den gamle delen» finn vi mellom anna Handelsmann Nordvik som har god kontakt både med vangsgutane Steinar og Kåre, samt Larris som og er kjendis.  Dagens «Handelsmann Nordvik» fortel at Matkroken Todalen er den forhandlaren som Fonna Forlag sel størt antal av Vangsgutane i heile landet – til og med meir enn Narvensenkiosken på Nationalteatret er påstanden til Nordvik.

Frå den gamle delen av Vangsgutane med tekst av Leif Halse og teikningar av Jens R. Nilssen. Illustrasjon frå Vangsgutane

Sylfest Lomheim har skrive føreord i årets utgåve av Vangsgutane. Illustrasjon frå Vangsgutane

Publisert: 12. november 2020, 18:00