Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Koronatilpassa bokslepp for historielaget i år

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. november 2020

Det er tid for nytt bokslepp med nytt årsskrift frå Todalen historielag. Dette var tillyst i helga, men koronasituasjonen sette ein effektiv stoppar for arrangementet. Onsdag kveld var styret og skriftstyret i historielaget samla for å pakke årsskrift med tanke på alternativ distribusjon av hefta.  I staden for utlevering av årskriftet på boksleppet, får no alle medlemane som har betalt sin medlemkontingent, årsskriftet i postkassen sin – de blir køyrt rundt i Todalen i helga og resten sendes med Posten. 

Årsskriftet for 2020 er nummer 19 i rekkja, og har 84 sider med interessant og aktuell lokalhistorie som er knytt til Todalen og Nordvik.  Årets skrift er prega av skulejubileet som markerer at det er 100 år sia nyskulen vart bygd. Etter som det er sannsynleg at det er siste år at det blir halde skule i bygda, passar det nok godt med skuletema i dette årsskriftet. Skuledrifta i Todalen har fått ein brei omtale i årsskriftet, og omtalar både vanleg skuledrift, framhaldsskulen, barnhagen og ikkje minst folkehøgskuledrifta i bygda.  Folkehøgskulen starta i 1869 og var den første på Nordmøre – sjølv om den vart av kort varigheit.  Omtalen av nyskulen er da også rikt illustrert og her vil nok ein og kvar finne skulebilete av seg sjølv, eller av nokon i familien – og sjølvsagt mange gode historier. 

Dordi Jorunn Halle har vore redaktør for årsskriftet. Med seg i skriftstyret har ho Wenche Kvendset, Sven Olav Svinvik og Maren Ansnes – men fleire har vore bidragsytarar til årets hefte. Foto: Jon Olav Ørsal

Elles har Sverre Kjølstad ein artikkel om person- og godstransport i Todalen.  Ein omtale om bussrutene frå Todalen – tidlegbussen til Kristiansund og om rutebussen til Surnadal. Drosjekøyringa har også fått sin omtale og lastebiltransporten – både lokal leiekjøring og langtransport.  Minnes også i den samanheng drosjekøyringa til Tingvoll og skuletannlekjaren.  Høgdepunktet på turen var som oftast ein liten fartsprøve på rettstrekninga på Åsprongmyrane og så tyggegummikjøp da.  Men mange har nok traumar når dei køyrer forbi Bjerkeset-huset med den lange troppa i Tingvollvågen. Bitte Ansnes har skrive artikkelen om tannlegebesøk på Tingvoll. 

Oddvar Mikkelsen har «Livberging, ei soge om utmarka» som tittel på sitt bidrag i årsskriftet. Det omhandlar korleis forlk livnerte seg i gamle dagar og korleis dei nytta utmarka og naturen på sin måte.  Ein interessant og lærerik artikkel som forklarer godt korleis folk jobba og tenkte den gongen og set dette i eit perspektiv. 

Minner frå barndommen på Myrvang er også eit interessant innslag i årets skrift. Her er det Astrid Myrvang Brusethaug og Inge Ørsal som fortel om oppveksten på Myrvang og korleis dei takla kvardagen med både skuleveg og arbeid.  Erling Myrbostad har i sitt bidrag fortalt om John Olson Halset frå Teigen som reiste til Amerika og var gift der med Marie Lien frå Lykkjebygda. Artig er det også at etterkomarane enno besøker slekta si her på traktene – som er omtala i heftet.

Endeleg er det også omtale av historievandringa på Hala i sommar. Historielaget har besøkt dei fleste grendene i Todalen og bringa fram i dagen mykje lokal historie.  Minneboka har også fått mykje plass i årets hefte – i år er det bilder frå setrene i Todalen som er tema, og her er det presentert både nye og gamle bilder frå setrene.

Det er Dordi Jorunn som har vore redaktør for årsskriftet for 2020 – med seg i skriftstyret har ho Wenche Kvendset, Sven Olav Svinvik og Maren Ansnes.  Som sagt vil alle som har betalt medlemskontingent for 2020 få heftet i postkassen. Dersom du vil ha ekstra eksemplar av årsskriftet kan du ta kontakt med Wenche Kvendset (tlf 911 75 335)  eller Sven Olav Svinvik (tlf 926 60 470).  Elles vil heftet bli lagt ut for sal hos Matkroken i Todalen og etter kvart hos Ark både i Surnadal og Sunndal.  

 

Først publisert: 12. november 2020, 00:10 - Sist oppdatert: 13. november 2020, 00:27