Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trimåret 2019/2020

Mari B. Redalen Torsdag 12. november 2020

Frå trimgruppa i Todalen idrettslag har vi fått gleda over å hedra vinnarane av trimpostane, som kvar får sitt krus i premie. Trimbasaren vart som alt anna avlyst pga koronapandemien. Med godt over 4000 besøkande på trimbøkene er dette eit godt trimår, trimgruppa trur at talet i verkeligheta er høgare, men at mange valde og ikkje skriva namnet som smittevernhensyn ein periode. Løfta var den posten med aller flest besøk, over 1000 stk  hadde skrive seg inn. Gunnøya og nykommaren Ja-benken er òg populære turar. 

Det er to pr trimtur som får seg eit krus, den med flest turar og ein som er uttrekt blandt dei som har skreva seg inn. Her har trimgruppa trekt ut blandt ungane av dei besøkande. Kruset vil bli levert heim, eller i postkassa til kvar enkelt. Under finn liste over besøk og dei som får premie. 

Trimgruppa takkar for eit godt trimår, og nye bøker for 2020/2021 ble lagt ut på begynnelsen av oktober på kvar post. 

 

 

Publisert: 12. november 2020, 09:01