Todalen sanitetsforening melder at det blir årsmøte torsdag 25. februar kl. 18.30 i Todalen sanitetshus.
Påmelding
Les heile sakaTodalen sanitetsforening melder at det blir årsmøte torsdag 25. februar kl. 18.30 i Todalen sanitetshus.
Påmelding
Les heile sakaMest truleg blir KNT kjøpar av Innerdal Turisthytte, når Iver og Torill Innerdal no vil selje Innerdalshytta – som er livsverket deira i Innerdalen. Kjøpar blir KNT – Kristiansund og Nordmøre turistforening, dersom ekstraordinært årsmøte den 8. februar gjev si godkjenning. Kjøp av Innerdalshytta er einaste sak på dagsorden.
Les heile sakaDet syns kanskje ikkje på bileta at året 2020 vart litt annerledes, mange flotte bilete er satt opp til kåring for å bli årets bilete for 2020. Vi ynskjer hjelp til å finne riktig vinnar. Stem på din favoritt i veka som kjem. Og den med flest stemmer vinn sitt eige bilete innrama og klart til å henga på veggen. Årets bilete publiserast på vårt årsmøtet i mars.
Les heile sakaEi rumpetaske for skismøring vart torsdag funne på strekninga mellom Todalskysset og Todalen – og er levert inn som hittegods hos Matkroken i Todalen. Er det du som har mista utstyret så er det berre å stikke innom butikken så kan det ligge an til gjenforening!
Frå torsdag 21.januar opna Surnadal Sparebank dørene att ved hovudkontoret på Skei. Avdelingskontora i Trondheim og i Kristiansund vil framleis ha stengte dører. Dette melder banken på sine eigne heimesider.
Les heile sakaI ein epost frå Monika Klungervik, ved Rossåa settefiskanlegg, har vi fått eit referat frå gårsdagens planting av augerogn i Toåa ovanfor Ramsøya. Augerogn er laksefoster som har fått synlege auger. Tida det tek frå stryking, som skjer i oktober, og fram til det har blitt augerogn, tek rundt 220 DGR (døgngrader) og er såleis direkte påverka av temperaturen i vatnet i elva. Vanlegvis skjer plantinga av augerogn i Toåa i slutten av februar eller i starten av mars. Sidan temperaturen i Rossåa siden oktober har vore høgare enn vanleg, har augerogna vokse raskare og årets planting vart difor 1-1,5 månad tidlegare enn vanleg.
Les heile sakaHos Norsk Tipping er det høve til å tilgodesjå lag og organisasjonar med ein såkalla grasrotandel. Det er du sjølv som bestemmer kven som skal tilgodesjåast, og det er 7,5% av speleomsetninga hos Norsk Tipping som blir bruka på den måten. Lag og organisasjonar kan registrere seg hos Norsk Tipping og bli godkjent som mottakar av grasrotandelen. Her i Todalen er det Todalen Idrettslag som toppar tabellen, og tok i mot kr 39.160 i grasrotandel i fjor.
Les heile sakaI kveld var det «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Gradestokken viste +2 grader, så ein kan trygt seie at det var ein mildvêrskveld i forhold til førre onsdag, da gradestokken viste -13 grader. Rett nok var det litt vind, så den verkelege temperaturen var nok litt lågare enn det gradestokken viste. Men det var kjempefine forhold i nypreparerte løyper og få, eller eigentleg ingen, utfordringar smøre-messig.
Les heile sakaNeste veke (veke 4) startar Surnadal kommune så smått opp med koronavaksinering av dei som er over 85 år, og som bur heime. Det er ikkje nødvendig å kontakte kommunen for å få tilbod om vaksinering. Dei det gjeld blir kontakta på telefon innan tysdag 26.januar klokka 16:00.
Les heile sakaI ei pressemelding frå kommunen no tidleg i ettermiddag, melder kommunen om endringar i enkelte smitteverntiltak. Endringane gjeld hovudsakleg undervisning, idrett og kulturaktivitetar for barn og unge, og gjeld frå og med onsdag 20.januar.
Les heile sakaPå regjeringas pressekonferanse i dag vart vi informert om at dei vidarefører dei fleste tiltaka for å begrense smittefarenn. Men det blir gjort enkelte endringar for å lette på enkelte tiltak – mellom anna blir det atter høve til å ta i mot besøk heime med inntil 5 personar dersom du har plass. Men 1-metersregelen gjeld framleis!
Les heile sakaStatens naturoppsyn felte ein jerv i samband med skadefellingsoppdrag i Trollheimen. Det skjedde i Vassdalen som ligg i Snota-massivet, og det vart bruka helikopter under oppdraget.
Les heile saka