Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mykje folk på kyrkjegardsdugnad

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 4. mai 2021

I kveld var det dugnad på kyrkjegarden ved Todalen kyrkje. Over 50 hadde møtt opp, så dugnaden vart unnagjort på ein stor time. Kyrkjegarden vart raka, kyrkja vaska utvendig og somme gravsteinar, som hadde blitt skeive på grunn av tælen gjennom vinteren, vart retta opp att. 

Etter at dugnaden var ferdig var det ei kort orientering frå Todalen sokneråd om aktiviteten som hadde gått føre seg i 2020, og litt om planene for 2021. På grunn av Koronasituasjonen, var det ikkje servering. 

Så da er kyrkjegarden klargjort for ein ny vår og sommar. 

Nedanfor finn du fleire bilete frå kveldens dugnad: 

Publisert: 4. mai 2021, 19:23