Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein ny fotballsesong er i emning

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 4. mai 2021

Måndag kveld hadde både Søya/Todalen J9/10 og G9 trening på Bordholmen stadion. Det er Jens Nervik og Ole Martin Øyen som er Trenarar for J9/10 laget, medan Jostein Kvendset er trenar for G9/10. Båe laga har hatt fleire treningar, og neste veke tek kampane til. 

Seks av spelarane på Søya/Todalen G9 2021. Foto: B G Ansnes

Båe laga er samarbeidslag mellom Søya og Todalen. På J9/10 er det 11 spelarar i spelarstallen, medan G9 har 10 spelarar i spelarstallen. 

Spelarar på Søya/Todalen J9/10 med trenar Jens Nervik. Foto: B G Ansnes

J10 spelar 7-er fotball i seriespelet, og møter laga: Nordlandet, Dahle, Frei, Smøla, Averøykameratene og Surnadal.

G9 spelar 5-er fotball i seriespelet, og møter laga: Sunndal, Surnadal, Tingvoll, Kvass/Ulvungen og Bøfjord/Bæverfjord.

Spelarar på Søya/Todalen J9/10 med trenar Ole Martin Øyen. Foto: B G Ansnes

Vi kjem nok heilt sikkert att med reportasjar frå laga sine kampar utover sesongen!

Sjølv om det ikkje er så lenge sidan snøen forsvann, så såg det ut til at grasmatta allereie var i god kondisjon. 

Publisert: 4. mai 2021, 05:00