Store nedbørsmengder hindra I.L. Ulvungen og Todalen I.L. i å gjennomføre årets Trollheimsmarsj søndag 28. august. Arrangøren melder at det ikkje har vore muleg å arrangere på ein alternativ dato i år. Dermed er årets Trollheimsmarsj avlyst, og neste sjanse blir siste helg i august i 2012. Nils Ove Bruset i Todalen I.L. er lei seg for at marsjen måtte avlysast, men han seier til Todalen.no at det var uforsvarleg å arrangere under slike vêrfor. Søndag formiddag kom det nerare 35 mm nedbør i Todalen i løpe av nokre timar.
Laurdag klokka 14.30 er det klubbmesterskap i Trollheimen Sykkelklubb melder Halvor Drøpping. Løpet startar frå Nordvik og går til Kårvatn og er eit terrengritt på 30 kilometer der terrengsykkel er påkrevd for dei som deltek i konkuranseklassen. Men ellers er det høve for alle til å møte opp og ta det som ein trimtur. Påmelding frå kl 14.00.
Les heile saka
Det kom folk heile Indre Nordmøre for å få med seg debatten på tunnelmøtet i Todalen Ungdomshus onsdag. Da initiativtakar til møtet, Ragnar Halle ønska velkomen, var Ungdomshuset fylt til siste plass. Og han sa at han trudde ikkje det har vore så mykje folk i Ungdomshuset sia sist det var Bekkerfest på slutten av 60-talet. Det var fullt både i storsalen, matsalen og på galleriet, og i tillegg stod det folk rundt omkring der det var plass. Møteledar var TK-redaktør Tore Dyrnes, og han gikk rett på sak med eit anstrengt program som varte i to og en halv time.
Les heile saka
Førstkommende laurdag arrangerer Surnadal Velværesenter danselaurdag for unger. Det blir to puljer; ei for dei mellom 8 og 12, og ei for dei over 12 år. Her vil det bli hip-hop, samba, disco og fridans. Les plakaten her.
Les heile saka
Onsdag var det nest siste sykkeltrim for i år. Det går no mot haust og mørkare kveldar, og det er snart på tide å runde av årets sykkeltrim i Trimgruppas regi. Onsdag 14. september altså siste runde, og da blir det trekning av sykkellotteriet og premiering. Men gjengen som møtte på onsdags sykkeltrim hiva seg på sykkelen så snart fotografen var ferdig, og etterpå var det nystekte bakels med tilbehør.
Les heile saka
Då melder Todalen Sanitetsforening om at det vil bli moglegheiter for å bestille time for fotterapi med fotterapeut Olaug Aspill igjen. Ho tek turen til Sanitetshuset 6., 8. og 9. september. For bestilling av time er det berre å ta kontakt med Marit Sanden Søyset på mobilnummer 980 36 391.
Les heile saka
Torsdag kl 19 er det storkamp på Bordholmen. Då er det G16 Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen som møter Clausenenga til dyst. I vårsesongen vart det tap for S/T/K/U, men dei satsar vel på revansj denne gongen. Open kiosk med græt å bakels. Her kan du sjå tidlegare resultat frå G16 1. divisjon – Nordmøre og Romsdal Fotballkrets, medan […]
Les heile saka
Torsdag 26. august la 42 deltakarar frå Stavganggruppa turen til Iggeltjønna i Rindal. Her vart vi mottekne av tre svært blide kvinner: Helene Marie Nergård, kontaktperson og journalist på turen, og to guidar, Ildri Grønli og Gerd Helgetun. Iggeltjønna og området rundt har eit heilt suverent turområde. Nokre av oss rusla ein eller to rolege rundturar i det flate terrenget nede ved tjønna, medan andre valde ein noko lengre variant med avstikkarar til meir kuppert terreng.
Les heile saka
Frå laurdag til søndag arrangerte Start 4H tur til Romådalen. Det var friluftslivgruppa som var pådrivarar, noko som resulterte til ein innhaldsrik tur for dei som vart med. Gjengen vart skyssa opp lia til Haukarsteinen, der dei tok føtene fatt til dei til nådde målet som var Austistusetra.
Les heile saka
Onsdag 31. august kl 19.30 vert det informasjonsmøte om Trollheimstunnelen i Todalen Ungdomshus. Det er Surnadal Arbeiderparti og Surnadal Senterparti som inviterer alle som er interessert til møtet, og dei har hyra Tore Dyrnes som møteledar. Ragnar Halle som er initiativtakar til møtet reknar med at dette har stor interesse, både i Todalen og utafor Todalen.
Les heile saka
I dag kan vi by på en liten utenriksrapport frå en todaling i New Jersey, som har hatt litt føling med orkanen «Irene». Det er Toril Redalen som har vært i USA på en 2 ukers keramikk workshop i Maine, gjennom arbeidet som kunstner. Etterpå benyttet hun anledningen til å treffe igjen vertsfamilien i New Jersey, der ho […]
Les heile saka
Todalen Sanitetsforening ligg i startgropa for ny sesong, og går no ut for å få med fleire til å delta i foreininga. Dei er i dag omlag 20 aktive medlemar, men vil gjerne bli fleire. Saniteten har laga ein foldar som dei har putta i postkassane over heile bygda. Der informerer dei om arbeidet dei driv, og ønskjer deg velkomen som medlem i eit godt og sosialt miljø.
Les heile saka