Rute 46 Kvanne – Rykkjem er i normal drift frå kl 22.30
Rute 46 Kvanne – Rykkjem er i normal drift frå kl 22.30
Det er akkurat no straumlaust i Todalen og utover mot Stangvik ifølge Svorka Energi. Feilen er no lokaliseet, og Svorka reknar med at feilen er retta om 2 – 3 timar, altsa mellom klokka 23:00 – 24:00. Svorka beklager dette.
Les heile sakaDei kunne no valt seg ein likare vêrdag når dei først skal på besøk til Todalen. Men sjølv nedbørsmengder, flaumstore elvar, og til og med ras i gammelvegen på Svinvikrunden skremte ikkje Senioruniversitetets medlemar frå turen til Todalen. Dei hadde invitert seg sjølv til Gammelfabrikken, for å sjå og høyre om både gammel og ny tid ved Storfossen i Brusetmarka. Og Storfossen som danna grunnlag for satsinga i 1899 og kraftproduksjon, dundra i dag forbi Gammelfabrikken med 77 m3/sek kl 13.
Les heile sakaTorsdag 9.september tilbyr Surnadal kommune Pfizer-vaksine til alle 16 og 17-åringar som har bustadadresse i Surnadal kommune og/eller er elevar ved Surnadal vidaregåande skule.Vaksineringa foregår mellom kl. 9.00 -13.00 på Surnadal kulturhus.
Les heile sakaNo er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem måndag 13. og tysdag 14. sepetmber. Det er mange ledige timar båe dagane.
Les heile sakaDet var nok inga overrasking av det var flaumstore elvar i dag tidleg, etter som yr.no i sinemeldingar har åtvara om til dels store nedbørsmengder lokalt. Her på berget kan vi lese på ein av dei lokale verstasjonane at det var mykje nedbør både ein periode i går kveld og ein periode i 2-3 tida i natt.
Les heile sakaEtter ein lang periode med pandemi og restriksjonar for arrangement, er det no opna for meir normal drift. Dermed var det klart for medlemsmøte i Todalen sanitetsforening tysdag 24. august, og leiar Maren Ansnes syntest det var kjøle triveleg og stor stas å kunne ønske vel møtt til samling i sanitetshuset att. «Kjekt å terffast!»
Les heile sakaDet har i kveld gått eit ras i øvre del av Svinvikrunden. For den som er litt lokalkjent så har raset gått i området i området som kallast Langkleiva – mellom grinda og utsiktpunkteet mot Svinvika. Svinvikrunden blir no stengt, til situasjonen er avklart og vegen er rydda.
Les heile sakaI dag skulle Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag eigentleg ha teke turen til Åsbøsnyta. Men vêrgudane var ikkje på Fjellgruppa si side i dag, så i staden for Åsbøsnyta vart det ein alternativ tur i Svinvikrunden med besøk på Hjellnes, for tur må det vere uansett vêr! Oppmøtet var naturleg nok litt lågare enn vanleg, og det er fullt forståeleg i det «haustvêret» som var i dag.
Les heile sakaI anledning med at Norges Jeger og Fiskerforbund (NJFF) feirar 150-årsjubileum i år (1871 – 2021), har NJFF laga filmen «Jakt- og fiskelandet» som ei jubileumsgåve til seg sjølv, fylkeslaga og lokalforeiningane i NJFF. Filmen er ein episk film om det unike jakt- og fiskelandet Norge. Filmen kan du sjå på Surnadal kino torsdag 26.august klokka 19:00.
Les heile sakaFrå og med onsdag 26.august vil Hett og Svett vere tilbake, i tilnærma, normal drift. Det vil framleis vere restriksjonar om at det er maksimalt tre personar som kan vere tilstades og trene samtidig, og onsdagar mellom klokka 12:00 – 18:00 vil Hett & Svett vere stengt for reinhald. I tillegg må kvar enkelt som brukaar Hett & Svett ta ansvar for reingjering av utstyr, etter bruk og rydding, som vanleg.
Les heile sakaI går kveld var rundt femten medlemmer frå Vårsøg 4H frå Surnadal på Todalsbesøk, for å besøke Start 4H. Dei to klubbane sine medlemmer vart oppdelt i sju lag, som konkurrerte i ei lokal utgåve av Mesternes Mester.
Les heile saka