Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Matkroken oppgraderer – stenger kl 17 i dag

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. september 2016

Matkroken skal oppgradere kassasystemet i ettermiddag og utover kvelden.  Butikken stenger difor kl 17 i dag, og kjem til å jobbe utover kvelden og natta dersom det er nødvendig.  Dersom det ikkje skjer noko uforutsett så opner butikken igjen kl 9 i morgon – onsdag, melder handelsmann Nordvik til Todalen.no


Robot og strøm på plass

Jon Olav Ørsal Måndag 19. september 2016

Hallagrenda er prega av fjøsbygging – og i dag var det Svorka Energi og De Laval som prega bybiletet mest. Flunkande ny mjølkerobot kom på plass i Austistufjøset i dag, rundt 1300 kg til ein verdi av nærare halvannen million – og med list og lempe kom den på plassen sin i fjøset, slik at Arve betten og Lars Ottar Lyhammar kunne starte sjølve monteringsarbeidet.

Les heile saka

Sanitetskvinnene med infodag om mobbing

Jon Olav Ørsal Måndag 19. september 2016

I eit samarbeidsprosjekt sette dei 4 sanitetsforeningane i kommunen mobbing på dagsorden saman med rundt 200 ungdomsskuleelevar i Storstua i kulturhuset.  Det er andre året at dei 4 går saman om eit slikt prosjekt i samarbeid med Surnadal ungdomsskule, fortalte Siri Vullum som ønska velkomen til infodag på vegne av den nye Surnadal sanitetsforening og […]

Les heile saka

Satsar på tak før snøen kjem

Jon Olav Ørsal Sundag 18. september 2016

Nye fjøs har vore eit vanleg syn i Todalen det siste året, og no kan vi avsløre enda eit nytt fjøs som er på gang. På Hjellnes, nærare bestemt i Oppistua er nytt sauefjøs på gang og dersom ikkje snøen kjem så alt for tidleg så satsar vi på at taket er på plass da, seier Per Åke Jacobsson. Da vi var innom var det iallfall fullt arbeid med å sette opp reisverk til det nye sauefjøset som blir på rundt 525 m2.

Les heile saka

Langtids 2 på Todalstur

Jon Olav Ørsal Fredag 16. september 2016

Langtids 2 på Surnadal sjukeheim tok seg ein todalstur i finvêret på fredag. Dei vart nok litt overraska når dei kom til eit tett tåkehav, der dei knappast klarte å orientere seg. Men dei visste råd og tok turen til Kårvatn, og da kom dei over den tjukke tåkebanken. Her kjørte dei innover til Plassen, for å ta Nauståfossen i nærare augesyn.

Les heile saka

Nok eit vellykka redningsoppdrag for Røde Kors

Elinor Bolme Torsdag 15. september 2016

Sist søndag var hjelpekorpset i Surnadal Røde Kors nok ein gong ute på oppdrag for å hjelpe ein uheldig fjellvandrar som denne gongen var på tur for å gjennomføre Trekanten i Trollheimen. Leiar Reidar Brøske har i etterkant av oppdraget motteke ei helsing frå den uheldige mannen som måtte få hjelp til å komma seg heim att, og vi har fått tillatelse til å publisera denne.

Les heile saka

Ikkje til Todalen, men til Trodalen…

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. september 2016

Torsdag var stavganggrupa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Trodalen. For å kome til Trodalen køyrde stavgangarane til Flessastastranda. Der hadde dei alliert seg med folk til å låse opp bommen, og så bar det utover etter ein skgsveg til dei kom til parkeringsplassen eller kanskje det heller var ein lunningsplass. Herfrå bar det til fots utover i retning Trodalen, etter merka løype.

Les heile saka

Gjer eit kupp, for ei god sak

Elinor Bolme Torsdag 15. september 2016

Førstkommande laurdag mellom klokka 12 og 16 åpner Surnadal Røde Kors dørene sitt hus på Bøvra i forbindelse med haustens store loppemarked. Her blir det muligheit til å gjere mange gode kupp, til inntekt for Røde Kors sitt arbeid i nærmiljøet.


Medlemsmøte i Pensjonistlaget

Elinor Bolme Torsdag 15. september 2016

Surnadal Pensjonistlag inviterer medlemsmøte tirsdag 20. september kl 15 på Surnadal sjukeheim. Denne gongen blir det orientering om tannhelse av leiaren for tannklinikken. Vidare blir det drøfting av innhaldet i møta.

Les heile saka

Demensaksjonen – satsar på ny rekord

Jon Olav Ørsal Onsdag 14. september 2016

Vi sette rekord i fjor, da vi fikk i 96.000 til demensaksjonen i Surnadal kommune. I år satsar vi på ny rekord igjen, og da håpar vi på over 100.000 seier leiar Liv Botten i Surnadal Helselag og Demensforening.  I år som tidlegare år får ho god hjelp av Surnadalsrussen som blir med på innsamlingsaksjonen […]

Les heile saka

Dreg til med babykino!

Elinor Bolme Onsdag 14. september 2016

Dempa lys på dei bakre rekkene, dempa lyd frå lerretet, noko tilløp til skriking, litt tilfeldig amming her og der – det er babykino på Surnadal kino det!

Les heile saka

Det blir sjakk-turnering, igjen?

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. september 2016

Etter kvart som det blir mørke haustkveldar igjen, så er det atter aktuelt med sjakkspel. Dei par siste åra har det vore sjakk på kaffekroken annakvar søndagskveld, der alle har vore velkomne til å være med. Det har også vore sjakkturnering som har gått gjennom etterjulsvinteren – med storstila finale i undomshuset på 2. påskedag. Sjakkgjengen lurar no på om det er interesse for sjakkturnering i vinter – terje Nordvik har sendt oss ei pressemelding med orientering om planane og med klar adresse for påmelding og deltaking. «Bla om og les»…..

Les heile saka