Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ikkje til Todalen, men til Trodalen…

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. september 2016

Torsdag var stavganggrupa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Trodalen. For å kome til Trodalen køyrde stavgangarane til Flessastastranda. Der hadde dei alliert seg med folk til å låse opp bommen, og så bar det utover etter ein skgsveg til dei kom til parkeringsplassen eller kanskje det heller var ein lunningsplass.  Herfrå bar det til fots utover i retning Trodalen, etter merka løype.

I Trodalen ligg det ein nedlagt og fråflytta gard, kor det var busetjing og gardsdrift fram til 50-talet – men i dag er det berre husa som står att, og som minner oss på om det som var.  På turen til Trodalen var det 32 deltakarar, og det vart ein lang og god kaffepause i Trodalen før tilbaketuren.

Neste torsdag er det Bøkeskogen i Stangvika som står på terminlista til stavganggruppa.

Nedafor finn du eit bildegalleri frå turen til Trodalen.   Alle foto: Sigrun Ørsal

 

Publisert: 15. september 2016, 18:17