Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sanitetskvinnene med infodag om mobbing

Jon Olav Ørsal Måndag 19. september 2016

I eit samarbeidsprosjekt sette dei 4 sanitetsforeningane i kommunen mobbing på dagsorden saman med rundt 200 ungdomsskuleelevar i Storstua i kulturhuset.  Det er andre året at dei 4 går saman om eit slikt prosjekt i samarbeid med Surnadal ungdomsskule, fortalte Siri Vullum som ønska velkomen til infodag på vegne av den nye Surnadal sanitetsforening og foreiningane i Torvika, Øvre Surnadal og i Todalen.

sanitetskvinner_jennyklinge_4856

Dei fire sanitetsforeningane i kommunen har eit godt samarbeid med ungdomsskulen. Frå venstre Margit Fugelsøy, Elinor Bolme, Turid H. Sæther, Åse V. Redalen, Siri Vullum, Jenny Klinge, Maren Ansnes og Jorunn Rindal. Foto: Jon Olav Ørsal

Heile seansen starta med kulturelt innslag, der Pål Sæther og Gunn Astrid Hove framførte “Writing on the wall” frå siste Bondfilmen. Jenny Klinge, som sjølv var mobba den tida ho gikk i barneskulen, heldt eit gripande foredrag om mobbing og korleis ho sjølv oppfatta mobbinga. Ho var openhjartig og kom med gode råd både mobbarar og mobboffer, om korleis dei kunne legge dette attom seg, – slik ho sjølv hadde gjort.

ungdomsskuleelevar_4858

Engasjert og lydhørt publikum – dei rundt 200 ungdomsskuleelevane lytta med stor interesse på foredraga. Foto: Jon Olav Ørsal

Mobbing er eit kompleks problem som det ikkje finns noko enkel løysing på. Vi er alle forskjellige, og ikkje alle er like sårbare. Difor må det jobbast med heile tida, og det er viktig å ha mot til å seie i frå og be om hjelp både for den som blir mobba og for den som er vitne til mobbing. Det var heilt stille i salen under foredraget til Jenny Klinge og det var tydeleg at dette var noko som fenga og engasjerte alle.

Vidare var ei dansegruppe frå kulturskulen i elden og framførte Night Angels som er ei visuell framføring med mobbing som gjennomgangstema.

Siste post på programmet var Turid Hals Sæther frå PP-kontoret som fortalte om korleis dei jobba saman med rektorar, lærarar og andre i skule for å bekjempe mobbing. Ho viste ein kort film som viste korleis mobbing kan oppstå og kor utspekulerte metodar som tekne i bruk i samband med mobbing. PP-kontoret legg ned ein stor innsats for å skaffe meir kunnskap og finne løysingar som kan være med å løyse mobbeproblemet i skulen. Men det du først og fremst kan starte med er å bry deg – og å seie i frå!

dansegruppa_4888

Dansegruppa frå kulturskulen i aksjeon. Foto: Jon Olav Ørsal

kulturskulen_4866

Pål Sæther og Gunn Astrid Hove framførte “Writing on the wall” frå siste Bondfilmen. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 19. september 2016, 16:37