Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stangvik Historielag

Styret i Stangvik Historielag 2017

Leiar:              Einar Grønnes
Nestleiar:        Marit Haugen
Kasserar:        Rolv Lysø
Sekretær:        Anna Ingeborg Nordvik
Styremedlem: Lars Steinar Ansnes
Vara:               Torbjørn Polden og Martinus Ranheim

Skriftstyre: Marit Haugen, Lars Steinar Ansnes, Grete Aarnes og Torbjørn Polden.

Først publisert: 1. mai 2013, 23:47 - Sist oppdatert: 26. mars 2017, 19:25

Nyheter knytta til Stangvik Historielag

Side 2 av 512345

Kulturvandring til Søyådalen

Elinor Bolme Onsdag 3. august 2016

Søndag 7. august inviterer Stangvik Historielag til kulturvandring i Søyådalen. Ruta blir som i fjor, og guidar er forfattarane av Søyådalsboka. Dei som vil vere med på vandringa møter opp ved Eidet skule innan klokka 10. Derifrå går turen med bil inn til Gammelseterbrua, der det blir ein kort stopp med orientering.


Setertur i Ålvundliå

Marit Haugen, Stangvik Historielag Søndag 19. juni 2016

Veret vart litt «ruskåt» laurdag den 18. juni da Stangvik Historielag skulle arrangere tur til setrene (setertuftene) oppi Ålvundliå – og dette var nok mykje av grunnen til at så få, berre 6 stykkje + guiden Nils T. Ulvund, møtte opp.

Ålvundfjordingane setra og mange andre plassar, bl.a. Røyråhamran, i Todalen og i Søyådalen. Men her oppi Ålvundliå hadde Utistuå og Austistuå Ulvund, og Bønnan hatt setrer attover tida.


Setertur i Ålvundlia

Elinor Bolme Mandag 13. juni 2016

Laurdag 18.juni kl 12.30 arrangerer Stangvik Historielag fellestur til Ålvundsetra. Oppmøte ved Ålvundfjord skule klokka 13, med fergjeavgang kl 12.30 for dei som kjem over fjorden melder arrangørane. Deretter blir det start ved lunningsplassen midt i Ålvundbrekka (ved Sverkesli). Ein går så opp lia via Ålvundsetra til Øversetra og nedatt om Bønnasetrene og Ålvundsetra til start.


Stangvik historielag med årsmøte

Jon Olav Ørsal Mandag 25. januar 2016

Stangvik historielag avviklar sitt årsmøte for 2016 tysdag 2. februar. Det skjer på Stangvik oppvekstsenter, og startar kl 19.15.  På agendaen står vanlege årsmøtesaker. Elles kan dei by på servering, og så får dei besøk av Sven Olav Svinvik frå Todalen historielag, som kjem for å vise og fortelje om arbeidet med å digitalisere gamle fotografi, melder […]


Du skal ikkje tru alt du ser…

Jon Olav Ørsal Søndag 24. januar 2016

Ja, det var nettopp tittelen på kåsesiet til Einar Oterholm, da Todalen historielag inviterte sine sambygdingar til «Ettermiddagskaffe» i Ungdomshuset søndag. I sitt kåseri kunne han by på både innføring i korleis augene virkar og korleis dei virkar i lag med hjarnen, litt synstesting, optiske bedrag – vist på lystbilder og som øvelsar som publikum deltom i – og fikk forklart kvifor det var slik.


Adventskaffe også i år

Elinor Bolme Lørdag 5. desember 2015

Også i år ønsker ulike lag og organisasjonar velkomne til adventskaffe i ungdomshuset der det blir muligheit for eit pust i førjulsbakken og ikkje minst til å treffe naboar og bygdefolket over ein enkel kopp kaffe.

Arrangementet er lagt til luciadagen den 13. desember, og i den anledning blir det naturlegvis eit luciatog av dei eldste i barnehagen og alle skuleungane.


Søyådalsboka – eit godt julegåvetips

Jon Olav Ørsal Tirsdag 1. desember 2015

Vi du ha eit signert eksemplar av Søyådalsboka, så har du no sjangsen. Dei tre forfattarane av Søyådalsboka Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes sel og signerer bøker utafor Rema 1000 i Amfi Surnadal laurdag 5/12 kl. 10 – 13.30, og neste laurdag 12/12 på Coop Extra i Surnadal i same tidsrom.


Kulturvandring innover Søyådalen.

Marit Haugen Søndag 2. august 2015

Det har ikkje vore mange solskinnsdagar i sommar, men laurdag den 1. august da Stangvik Historielag hadde bestemt å ta ei «kulturvandring» innover Søyådalen, var det ikkje mange skyer på himmelen. Vi starta med samling ved gammelskulen oppå Eidet, der ein av gaidane, Torbjørn Polden, orienterte litt om turen vidare. Første stopp var ved Gammelseterbrua. Like ved deler dalen seg i to, vi får Terrådalen «beint fram», og Søyådalen tek ein sving mot høgre ikkje langt innafor her. Torbjørn fortalte her om Gammelsetrene, som låg på andre sida (nord-sida) av elva, og nemnte og dei to setrene som låg inne i Tverrådalen. Når vi stod og såg oppover liene her, var det ganske utruleg at det har vore markaslått oppi her – vi såg ikkje mange grøne «lunger» oppi olderskogen her i dag.


Kulturvandring til Søyådalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. juli 2015

Laurdag 1. kan du bli med Stangvik historielag på kulturvandring til Søyådalen. Vandringa går i det landskapet som vart omtala i boka om Søyådalen som vart lansert tidlegare i sommar. Her har du ein unik sjangse til å bli med forfattarane av boka og andre kjentfolk på tur til Søyådalen.


Boksignering på Hals

Elinor Bolme Mandag 15. juni 2015

Dei tre forfattarane av Søyådalsboka Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes vil onsdag 17. juni ta seg ein tur til «kaffekroken» på Hals for bokpromotering. Forfattarane skal først til onsdagstreffet på kulturhuset denne dagen, og kjem inni Todalen straks etterpå, slik ca i 16-tida.


«Kulturvandring» oppi Årnesliene.

Marit Haugen, Stangvik Historielag Søndag 14. juni 2015

Sjølv om været og værutsiktene var forholdsvis dårlege, hadde eit 50-tals personar møtt opp ved Jørristufjøset på Årnes for å vera med på turen. Før start samlast vi ved grendahuset, der vi song «Vandringsmenn synger», akkompagnert av Bernt Bøe og Nils Røv. Akkurat da var været «så nokon lunde», sola kika liketil fram. – Det er oppsett over 200 namneskilt i området, og enda skal det oppsettast om lag 100 skilt til før det er ferdig-merka. Og til sammen er det merka/rydda ca 3 mil med stigar/skogsvegar uti liene her.


Laurdag: Kulturvandring til Årnes

Marit Haugen Onsdag 10. juni 2015

Stangvik Historielag, i samarbeid med Turstigruppa på Årnes, skal arrangere «kulturvandring» uti Årnesliene laurdag den 13. juni – med oppmøte/parkering ved «Årnes-gardane» kl. 11.00. Det er nedlagt eit stort arbeid med rydding og merking av gamle stiar uti Årnesliene, og det er oppsett på hundretals med skilt som viser namn på plassar i utmarka frå gamalt av. Turen i år vil fortsette frå der vi på grunn av tidsnød måtte avslutte i fjor, bl a vil den gå om «Trøinn» – eller «Musters-husa» som dei helst blir kalla.


Side 2 av 512345