Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Museumskveld: Interessant og lærerik seterhistorie

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. oktober 2023

Onsdag kveld inviterte Stangvik historielag og Nordmørsmusea avd. Surnadal til temakveld med seterhistorie på plakaten.  Erling Myrbostad og Lars Gudmund Røen frå Stangvik historielag avslørte ein imponerande kunnskap om seterlivet, byggeskikkar og praktiske løysingar som gjorde at seterstølane var plassert slik dei var.

Storbilå var ein viktig reiskap på byggeplassen i gamle dagar. Lars Gudmund Røen viste modeller han hadde laga for å forklare laftemetodar som vart bruka Foto Jon Olav Ørsal

Det var nemleg mange faktorar som gjorde at dei fekk til gode og praktiske løysingar som faktisk fungerte.  Når dei langt attende i tid skulle rydde nye stølar var det mange omsyn å ta .  Det måtte være lett tilgang til vatn og ved, men for å bygge hus måtte det være tilgang på tømmer og stein.  Dette var med å påverka kor mange hus som skulle byggast og kor store dei skulle være. Dette var kanskje behov for skjel, seterfjøs og løer. 

Maja Frønes frå Nordmørsmusea avd. Surnadal og Einar Grønnes frå Stangvik historielag var god nøgd med temakvelden som samarbeidsform og bebuda meir samarbeid i fortsettinga. – Her saman med Erling Myrbostad som heldt foredrag om seterlivet i gamle dagar – byggeskikk og praktiske løysingar. Foto Jon Olav Ørsal

I løpet av den dryge timen som foredraget varte var dei to innom mange detaljer for korleis dei bygde husa slik som dei gjorde og kva metodar som var nytta under bygginga, og kvifor ting vart slik som dem vart.  Årsaka til at det vart bygd sauelem i nokre av fjøsa var fordi at sauen måtte overnatte inne på grunn av bjørneplaga i området – elles var påverka tømmerlengda kor store rom det kunne bli i husa som vart bygd.  Husa vart oftast plassert i overkant av stølane for å ha best muleg oversikt – og høyløene i nedre del for at det var lettare å samle høyet og frakte det unna  bakkane.

Lars gudmund Røen hadde laga fleire laftemodellar og viste gamalt verktøy som vart bruka i gamle dagar. Foto Jon Olav Ørsal

Lars Gudmund hadde laga modellar av forskjellige nover og lafteløysingar og dei viste på bilete korleis dei forskjellige løysingane vart bruka i praksis og kvifor. 

Erling Myrbostad og Lars Gudmund Røen held eit interessant foredrag for eit lydhørt publikum. Foto Jon Olav Ørsal

Etterpå var det kaffeservering i stua på museet og høve til å sjå seg rundt på museet for den som ville – det vart ein både triveleg og lærerik kveld på Bygdemuseet på Åsen. 

Etterpå var det kaffe og nystekte vaflar – frå venstre Odd Magne Haugen, Lars Polden, Trygve Halle og Jon Bruset. Foto Jon Olav Ørsal

Kirsti og Holger Skei –  eplekake til kaffen er slett ikkje verst! Foto Jon Olav Ørsal

John Moe som er leiar i Todalen historielag bydde fram Seterbok for Todalen til den som er interessert. Den kan kjøpast på Matkroken i Todalen og kostar 200 kroner. Foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 5. oktober 2023, 05:00 - Sist oppdatert: 4. oktober 2023, 21:43