Det vart ein dårleg start på sesongavslutninga for TSKU på Bordholmen laurdag, da Molde etter kort tid fekk inn 2 ”larvmål”. TSKU reduserte heilt på tampen førsteomgangen, men dei måtte gå til pause med 1-2. I andreomgangen auka Molde til 1-3, som vart sluttresultatet. Ein fortent siger til Molde, sjølv om TSKU kjempa god gjennom heile kampen.
Les heile saka
Servertrøbbel har prega denne helga. Nettsida Todalen.no har vore ute av drift frå laurdag morgon i 8-tida, og kom først på lufta igjen måndag i 7-tida. Årsaka et utfall av ein server hos webhotel-leverandøren Nordialog, som nok har avslørt ein alt for dårleg helgeberedskap. Todalen.no jobbar for å flytte servertjenesta over på eit anna webhotell så snart som mogeleg, slik at vi kan unngå slike lange driftsstans i framtida.
Det er Sven Olav Svinvik som har det gamle biletet av bussen/lastebilen til Ingebrigt Kvendset (Sandstad). Biletet er frå Svinvika og dei som Sven Olav kjenner er far hans Bjarne og mor hans Anna-Lisa,bestefaren Erik Svinvik, Bengt og Else Maj. Ingebrigt Kvendset står midt på biletet. Trur elles det er folk frå Viastua med på biletet?
Les heile saka
Torsdag 27. september samlast stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag ved Stangvik skule og gjekk opp til Holden. Herifrå hadde vi fin utsikt over bygda og utover mot Kvenna, Røkkum og heilt til Meisingset.
Les heile saka
Kyrkja har lenge jobba med den nye gudstenestereformen. Dei tre sokna i Stangvik prestegjeld er ikkje noko unntak, og Bernt G. Bøe har som organist delteke i dette arbeidet både i Stangvik, Åsskard og Todalen sokneråd. No ligg det an til at biskopen ikkje godkjenner det resultatet dei er komne fram til. I det høve kjem Bernt G. Bøe med ei meiningytring til «dei kyrkjelege mynde» som han gjerne vil ha svar på. Nedafor finn du heile innlegget til Bernt G. Bøe:
Les heile saka
Indre Nordmøre Forsvarsforening (INF) fyller 30 år i år, og det skal dei markere med jubileumsfest. Det skjer 20. oktober på HammerStuene på surnadalsøra, skriv ledar Olav Jostein Holten i ei pressemelding. Da inviterer dei alle sine medlemar med følge til fest, og dit kjem også generalsekretæren i Norges Forsvarsforening Christian Bugge Hjorth som skal halde festtalen.
Les heile saka
Sist helg hadde dugnadsgjengen bak vinterens store Pink Floyd prosjekt i Surnadal øvings-kickoff på Kulturhuset i Surnadal. De 15 musikerne, -som utelukkende består av musikere og vokalister fra Surnadal, jobbet hele lørdag og søndag med innøving av de første 6 av tilsammen 14 låter som kommer til å utgjøre en storslagen Pink Floyd hyllest i Storstuå i Surnadal Kulturhus lørdag 16 februar neste år.
Les heile saka
Sist helg var over 200 medlemmer fra Norske Kvinners Sanitetsforening samla i Oslo for å overvære NKS-dagene. NKS-dagane er opplagt til å informere og bli betre kjent i eigen organisasjon, men også å skape engasjement og vekst i alle 19 fylka frå nord til sør. Og særleg økt medlemsmasse og synleggjering av Norges største kvinneorganisasjon sto i sentrum begge dagane. Møre og Romsdal var godt representert under arrangementet, med heile 12 damer; derav 4 frå Rindal Sanitetsforening og 4 frå Todalen Sanitetsforening.
Les heile saka
Bruset jaktlag felte den første elgen i 1981. Dette var ein vaksen okse som fall utafor Brusetsetra. Det var eit prektigt dyr, som hadde ei slaktvekt på ca 265 kg. Det vart difor litt av jobb å dra den store elgoksen ned til vegen i Brusetbotnan, for så å frakte den til Bruset med traktor. Elgjakta vekte den gongen stor interesse i grenda, og mange kom til for å sjå på slaktinga.
Les heile saka
I kveldinga var det klart for natursti og kveldsmat i Sanitetshuset. Dette har opp i gjennom åra vorte ein populær tradisjon som Todalen Sanitetsforening arrangerer, noko det må seiast at det vart i år også. Rundt 50 mann med smått og stort møtte fram for å delta på både natursitien og det sosiale etterpå. Ikkje riktig alle tok turen om Løfta, men dei 37 som gjorde det, fekk bryne seg på 12 varierte oppgåver.
Les heile saka
I dag går den årlege Løftaturen i regi av Todalen Sanitetsforening av stabelen. Også i år blir det natursti med overaskelsar ved postane, melder sanitetsforeninga. Barnehagen er i år spesielt inviterte, då dei får overrekt ei gåve frå Saniteten denne kvelden. Dei er inviterte ein halv time før, i tilfelle dei treng litt lengre tid på runden.
Til slutt blir det utlodning og kveldsmat. Store og små, gamle og unge inviterast til eit sosialt arrangement.
Nok ei ny veke, med fleire kampar rundt om på stadionane.Vi tek med både kampane som går på Bordholmen, Søyabanen, Banksletta og Ålvundfjorden. Desse ligg også ute på IL Søya sin banekalender, skal vere til ei kvar tid oppdatert ved omrokkeringar.
Vekas kamper er i følge banekalenderen som følgende:
Les heile saka