Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sesongslutt med bankett

Sesongslutt med bankett

Jon Olav Ørsal Måndag 1. oktober 2012

Det vart ein dårleg start på sesongavslutninga for TSKU på Bordholmen laurdag, da Molde etter kort tid fekk inn 2 ”larvmål”. TSKU reduserte heilt på tampen førsteomgangen, men dei måtte gå til pause med 1-2. I andreomgangen auka Molde til 1-3, som vart sluttresultatet. Ein fortent siger til Molde, sjølv om TSKU kjempa god gjennom heile kampen.

Det var Ragnar Ness (Bjørnerud) som dømte kampen. Han er nok godt kjent på Bordholmen, der han spela for Todalen både i alderbestemte klassar og på A-laget. Han var også innom Søyas A-lag før han hamna i Kristiansund. Der vart det fotball med Goma og Dale nokre år, og har dei siste 5-6 åra delteke i fotballen som dommar.

Etter kampen var det sesongavslutning på Talgøs Utstillingssenter (Gammelfabrikken), med omvisning både på uteanlegget og i utstillingslokala inne.  Deretter var det tid for velsmakande Biffgryte til både gjestelag, og eigne spelarar, ledarar og sjølvsagt presse, og avrunding av selskapet med kaffe og blautkake.

Manager Terje Nordvik takka alle for innsatsen gjennom 2012-sesongen. Både spelarane og alle medhjelparane i hjelpeapparatet rundt laget fekk skryt for innsatsen. Det er enno usikkert om det blir juniorlag neste år, men det blir arbeidd med å få til ei løysing, fortel manager Nordvik til Todalen.no.

Bildegalleri frå kampen og frå «banketten» på Gammelfabrikken.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 1. oktober 2012, 07:14